Svar til Nils Petter Freim: – Fake news?
Plus
Eg meiner framleis at kommentaren min står seg godt, viss du ikkje hugsar kva du sa mellom middag og non, som nokon i Høgre tydelegvis ikkje gjer, så er kanskje ikkje Stortinget rette plassen å vera.
Eg må svara på ditt innlegg Nils Petter Freim. Det verkar for meg som du ikkje har lest innlegget mitt godt nok eller ikkje har fått med deg kva eg skreiv.
Høgre gjekk til val i 2025 der alle parti vart utfordra på sjukelønn av LO. Høgre gjekk til val om å ikkje kutta i sjukeløn.
Dette har fått ein annan lyd no på nyåret frå blant anna Høgre sin nestleiar, Henrik Asheim.
Til Høgres landsmøte møtte det opp 200 demonstrantar med 40 faner som møtte delegatane. Bakgrunnen er at fleire forslag om kutt i sjukeløna vekker harme i fagrørsla.
Dette er løfta fram av Høgre sinn nestleiar Aasheim og arbeidspolitisk talsperson Anna Molberg.
Dei raudgrøne partia med Arbeidarpartiet i spissen er klare i sin tale at de ikkje er snakk om kutt i sjukeløn, til og med storebror på borgarleg side Frp har signalisert at dei ikkje vil kutte i sjukeløna, dette vert bekrefta av arbeidspolitisk talsperson, Alf Erik Andersen.
At me jobbar aktivt i lag i fagrørsla, NHO og dei politiske partia for å få ned høgt sjukefråvær er viktig, ein kan ved godt samarbeid koma langt med å få sjukefråværet ned utan å begynna med truslar om kutt som no Høgre har kome med og dette er ikkje «fake news», Nils Petter Freim.
Du skriv at vi er opne for å sjå på korleis reglane for folkevalde kan harmoniserast med resten av samfunnet, vel partiet Rødt har ved fleire høve lagt fram forslag om beskjedne kutt til dei folkevalde men vert nedstemt kvar gong av blant anna Høgre og andre parti. Så eg er rimeleg sikker på at moderasjon til dei folkevalde eller harmonisering som du skriv ikkje står på saklista til Høgre.
Til slutt. Dette er ikkje fake news, Nils Petter Freim.
Eg meiner framleis at kommentaren min står seg godt, viss du ikkje hugsar kva du sa mellom middag og non, som nokon i Høgre tydelegvis ikkje gjer, så er kanskje ikkje Stortinget rette plassen å vera.