Herold

Opna restaurant midt i smørauga: – Det har vore travelt

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-03-05 11:52:29
Opna restaurant midt i smørauga: – Det har vore travelt

Kaj Myklatun har mange ballar i lufta med Pota Madre-konseptet. No har han opna restaurant midt i Bergen by.

– No er me i gang med å servera poteter, seier eidfjøren, som har halde ope i rundt ein time i dei nye lokala i Xhibition midt i Bergen når Hordaland slår på tråden.

Innimellom kundar og servering fortel Pota Madre-gründeren at det er spennande tider.

– Det er noko anna å opna ein fysisk restaurant. Det merkar me med ein gong. Det er eit anna bestillingssystem, deilig med innlagt vatn og ingen straumproblem, seier han.

Kart med ID 496171

Ein god gjeng

Han har med seg 14 tilsette i den nyopna restauranten, men totalt er dei over 70 tilsette no.

– Me er ein god gjeng. Eg har god erfaring no med unge tilsette. Det har blitt litt ein del av konseptet å tilsetja yngre folk. Det er kjekt for alle saman, seier han.

I tillegg til restauranten i Bergen, har han også matvogner i Odda, to på Voss, Eidfjord, Åsane, Haugesund, Sogndal, Sandnes, Stavanger og i USA.

No vert det neste på menyen ei ny vogn i Førde.

– Nett no har det vore travelt. Det har vore «voldsomme» greier. Men no skal me opna i Førde i mars, og så blir fokuset å førebu seg til sommarsesongen, fortel han.

Starta fleire selskap

Den siste tida har Myklatun starta opp to nye verksemder også; Potamadre Drift AS og Potato Group AS.

Han fortel at desse selskapa er knytt til den nyopna restauranten.

– Ja, dette er knytt til dette prosjektet i Bergen. Ikkje noko meir enn det.

– Det verkar som du har det travelt?

– Ja, men det er kjekt dette her. No er det snart sommar, og då skal eg finna litt meir roa, svarar han.

– Ingen fleire nyopningar i vente?

– Nei, no skal me opna i Førde, og så opnar Odda og Eidfjord for sesongen igjen. Men ikkje noko meir då. Me skal jobba med systema våre, slik at det vert lettare.

Heiar på dette

Til BT seier konserndirektør Jon Arild Hellebust i Magic Norway, eigarselskapet til Xhibition kjøpesenter, at han heiar på Kaj og konseptet.

– Me heiar heilhjarta på at dette blir ein suksess med flinke folk, seier Hellebust til avisa.

Restauranten får no 25 sitjeplassar innandørs, og lokala er pussa opp før opninga.

Det er Dennis Ho og kona Mong-Binh Trinh som skal driva restauranten som franchisetakarar.

Marita Saue Skjoldli_bio

160 nye føretak i 2025. 107 av dei på Voss

Han har seld «poter» for 30 millionar i år. I 2026 står fleire ting på planen

🏷️ Extracted Entities (24)

Bergen (entity) Førde (entity) Kaj Myklatun (person) Eidfjord (place) Jon Arild Hellebust (person) Madre (entity) Odda (entity) Pota (entity) Voss (entity) Xhibition (entity) BT (entity) Dennis Ho (person) Haugesund (place) ID (entity) Magic Norway (person) Marita Saue Skjoldli_bio (organization) Mong-Binh Trinh (person) Potamadre Drift AS (organization) Potato Group AS (organization) Sandnes (place) Sogndal (place) Stavanger (entity) USA (entity) Åsane (entity)