Kven kan få gå på eller bruka Hardangervidda?
Plus
I det siste har gevirgnaging kome opp som eit aukande problem. Her kan vel ikkje DNT ha skulda?
Leiar og nestleiar i Hardangervidda villreinutval, O.G. Vikan og A. Ulgenes, langar i HF-innlegg ut mot DNT i ein tone og med påstandar som provoserer. DNT sitt løypenett må bort. Fotturistane har all skuld for villreinen sine problem. Villreinen, dette uhyre folkesky dyret som heller legg seg ned for å «daua» av underernæring, enn å kryssa ein sti med grønt gras på andre sida.
«DNT», symbolet på ikkje-lokal, uvæpna ferdsle i fjellet, er lett å skulda på. Dette er byfolk, jamvel utlendingar, som ikkje har noko i «okka» fjell å gjera. At DNT gjev arbeid og inntekt til styrarar, tilsynsfolk, handverkarar og sesongarbeidarar – for det aller meste lokale folk, er utan interesse.
«Grunneierne står sammen og tar ansvar» påstår Vikan og Ulgenes til slutt. På kva måte? Ved å kasta ut DNT? Kva med eigen verksemd på vidda? Eg las høyringane til KMD sitt «Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein». Samtlege grunneigarar eller grunneigarlag argumenterte for at eigen bruk og motorisert ferdsle måtte halde fram akkurat som før, medan «DNT» måtte begrensast.
Eigarane av private turisthytter såg sjølvsagt litt annleis på det. At «DNT» er største enkeltbrukar av motorisert transport skjuler ikkje det faktum at summen av bruken for private, jegarar, fjellstyrer og ikkje minst oppsyn/forvaltning er langt større.
Folkehelten Lars Monsen er vel vår fremste ambassadør for det frie friluftslivet, med telt, fiskestong og bålbrenning. All denne tråkkinga i naturen må då vera ei plage for alt dyre- og fugleliv, eller er det berre reinsdyra som reagerer? Vi får vona NRK i det minste slettar episoden om Hardangervidda – så ein unngår markedsføring.
Slik eg tolkar Vikan og Ulgenes må uvæpna folk, og personar med feil postadresse og dialekt, halda seg unna Vidda. Kan henda er det eit lite unntak om desse berre brukar private turisthytter, som t.d. Besså eller Tuvasæter? Sjølv har eg ein lang, kriminell løpebane med telt og fiskestong på Vestvidda heilt frå 1969. Eg har til og med vore DNT-styrar. Heldigvis for villreinen er eg vorten for gammal til slik aktivitet.
Turisttrafikken på Vidda har heller minka enn auka dei siste 10-åra. Jakttidene har vorte utvida. Reinstamma er nedskoten til eit svært lågt nivå, med ein svært uheldig bestandsstruktur. Oppsyn og forvaltning rek mykje rundt. Men får vi berre vekk DNT, ordnar nok det meste seg av seg sjølv.
Skribentar med anti-turist-haldningar gjer ofte eit nummer av raudvinen som er å få kjøpt på betjente hytter og i dette innlegget blei også «dagens avis» trekt fram. Avisbud har vi ikkje hatt sidan Tore Wolff i sin LN-MAQ droppa HF ned over fjellfolket – tilsynelatande utan at reinsdyra tok skade. Eg antek villreinutvalet vil arbeida for at løyve til motorisert ferdsle presiserer at raudvin, øl eller anna rusdrykk ikkje kan takast med – heller ikkje unødig lesestoff.
Ein motdebattant skulda meg for å vera «sjøloppnemnt ekspert». Greit nok. Men eg har aldri hevda eg veit kor helst på Vidda reinsdyra vil gå eller vera, eller kva område som er «sårbare». Villreinutvalet ser ut til å sitta på denne kunnskapen. Imponerande! I det siste har gevirgnaging kome opp som eit aukande problem. Her kan vel ikkje DNT ha skulda?