Herold

Tre parti er samde – dette betyr det for Sogn

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2025-11-29 19:37:53
Tre parti er samde – dette betyr det for Sogn

Men for å oppnå fleirtal er dei avhengige av støtte frå MDG og Sv.

Meir til kommunane

Sjukehus, passkontor og folkehøgskular

Regjeringa (Ap) har i lang tid forhandla om statsbudsjett for neste år med SV, Raudt og MDG. Laurdag ettermiddag braut sistnemnde forhandlingane fordi dei meiner budsjettet er for svakt på klima og solidaritet, ifølgje VG.

Seinare trekte også Sv seg ut av forhandlingane.

Men Ap, Sp og Raudt har blitt samde.

– Det som var viktig for Senterpartiet då me gjekk inn i desse forhandlingane, og først og fremst for tilbodet rundt i kommunane, var eldreomsorg og skule, seier Erling Sande (Sp) til Sogn Avis.

Han er stortingsrepresentant for Sp i Sogn og Fjordane, og meiner dei har fått bra gjennomslag i forhandlingane mellom anna fordi kommunane og fylkeskommunane får fire milliardar meir enn det som låg i Ap sitt forslag.

– Det bidreg til mange kommunar som slit med budsjetta sine for neste år. No får dei litt meir å spela på, seier Sande.

*For kommunane i Indre Sogn betyr det 6,9 millionar til Sogndal og 1,6 millionar til Vik. Luster kommune får 3,2 millionar, Lærdal får 1,4 millionar, Årdal får 3 millionar og Aurland får 1,1 millionar. *

– Samla for kommunane i Vestland blir dette meir midlar til å prøva og få i hop budsjetta. Samstundes får Vestland fylkeskommune 135,4 millionar kroner meir i frie midlar, seier Sande.

– I tillegg blir det sett av ein post på 100 millionar kroner til rassikring på landsbasis. Den får Vestlandet ein god porsjon av.

Det er også semje om at 14 passkontor skal bestå, mellom anna kontoret i Lærdal.

Samstundes blir det meir pengar til sjukehus med ein pott på fem millionar kroner. Senterpartiet har fremja forslag i Stortinget om å stoppa Helse Førde sine strukturendringar.

– Difor var det viktig å fylla opp med pengar, slik at det er ein lettare jobb for helseføretaka, seier Sande.

I forhandlingane har Senterpartiet fått gjennomslag for å sikra folkehøgskulane gjennom å hindra omlegging av stipendordninga for folkehøgskuleelevar.

Folkehøgskuleelevar skal no framleis få gjort om 40 prosent av studielånet sitt til stipend. Ap-regjeringa foreslo i sitt framlegg til statsbudsjett å redusere denne delen til 15 prosent.

– Senterpartiet var sterkt imot kuttforslaget frå Arbeidarpartiet. Det skal ikkje vera storleiken på lommeboka til foreldra som avgjer om ungdommar kan ta seg eit år på folkehøgskule eller ikkje. No rettar Senterpartiet dette opp, slik at folkehøgskuleelevar framleis kan få gjort om 40 prosent av lånet sitt til stipend, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Rektoren om budsjettforslaget: – Det vil skapa ein skule for dei med god råd

Alle forhandlingspartia reverserer forslag til folkehøgskule-kutt Varden om statsbudsjettet: – Eg skulle gjerne sagt dette var enkelt