Ja, eit angrep på Holmaneset er faktisk mogleg
Plus
Natt til tysdag 25. februar vart ammoniakkfabrikken Dorogobuzh i Russland angripen av ukrainske dronar. Sju menneske vart drepne og ti skadde.
Droneangrep*mot kjemiske fabrikkar i Russland og Ukraina viser at industriell infrastruktur er utsette mål i moderne konfliktar. Dette er ein risiko vi må ta på alvor når store ammoniakkanlegg som det på Holmaneset vert planlagt.*
Den siste tida har det vore fleire rapporterte angrep mot russiske ammoniakkfabrikkar. I tillegg til nattas angrep på fabrikken PJSC Dorogobuzh i Smolensk-regionen, vart òg verdas største ammoniakkprodusent, TogliattiAzot i Samara, råka av droneangrep 19. desember i fjor. Desse hendingane er ikkje enkelthendingar. Dei syner eit mønster der kjemisk industri vert prioriterte mål.
Når det vert planlagtstorskalaproduksjon og lagring av ammoniakk på Holmaneset, er det naudsynt å sjå på korleis slike anlegg faktisk har vorte råka i konfliktar dei siste åra. Historia viser at ammoniakkfabrikkar ofte kan verte mål når konfliktar eskalerer, noko døma nedanfor kan syne:
- Sumy, Ukraina (21. mars 2022): Russisk artilleri traff kjemifabrikken Sumykhimprom. Ein 50-tonns tank med ammoniakk vart skada, noko som førte til ein lekkasje med ein kritisk radius på 2,5 kilometer.
- Kharkiv, Ukraina (5. juni 2023): Ammoniakkrørleidninga mellom Togliatti og Odesa vart utsett for beskyting. Rundt 134 tonn ammoniakk lak ut før tryggleiksventilane fekk stoppa utsleppet.
- Nevinnomyssk, Russland (Juni 2024): Ein av dei største gjødselfabrikkane i Sør-Russland, Nevinnomyssky Azot, vart angripen av ukrainske dronar, noko som førte til mellombels stans i produksjonen.
- Pančevo, Serbia (April 1999): Under NATO-bombinga av Jugoslavia vart gjødselfabrikken HIP-Azotara angripen. For å hindre ein eksplosjon etter at kjølesystema svikta, vart store mengder ammoniakk sleppt ut, noko som skapte omfattande miljøskadar i Donau.
Grunnen til at desse anlegga vert angripne, er at ammoniakk er eit «dual-use»-produkt som er heilt naudsynt både for produksjon av kunstgjødsel og som ein sentral komponent i militært sprengstoff (ammoniumnitrat).
I ein spent tryggingspolitisk situasjon vil difor eit anlegg som det på Holmaneset verte definert som eit strategisk mål. Å slå ut produksjonen handlar ikkje berre om økonomisk skade, men om å påverke forsyningslinjer som er kritiske for både matvaretryggleik og forsvarsevne.
Døma frå Sumy og Pančevo viser kva dei faktiske konsekvensane av ytre påverknad kan vere. Ammoniakk er ein giftig gass som ved lekkasje spreier seg raskt. På stader som Holmaneset vil ein lekkasje utløyst av sabotasje eller dronar stille enorme krav til beredskapen.
Det er ikkje lenger nokå planleggje for tekniske feil eller menneskeleg svikt. Risikoanalysane må no ta inn over seg eit trusselbilete der tilsikta angrep frå dronar eller sabotasje er ein reell faktor. Dette er også noko DSB er tydeleg på i sin rettleiar til kommunane i “Rettleiar til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunen”, der det side 26 står følgjande:
“Når det gjeld hendingar knytt til tryggleikspolitisk krise og væpna konflikt, kan løysinga vere å ta hendinga for gitt utan å vurdere sannsyn.”
Norske styresmakter, inkludert PST og Etterretningstenesta, har gjentatte gonger peika på at trusselen mot norsk landbasert infrastruktur er aukande. Moderne droneteknologi gjer at anlegg som det ein planlegg på Holmaneset er endå meir utsett.
Det er vanskeleg å forståkorleis Bremanger kommune og nabokommunen Kinn som Bremanger samarbeider med, skal greie å sikre innbyggarane i Svelgen dersom den planlagde tanken på Holmaneset vert utsett for eit angrep som fører til kollaps.
Eg veit at det finst andre teknologiar for etablering av tankar, der tanken blir gravd heilt ned samstundes som at grunnen rundt tanken blir kjølt ned til minus 34 grader Celsius. Med ei slik utforming av tanken ville risikoen for storutslepp vore så godt som fullstendig eliminert. Men dette er ein teknologi som FFI ikkje har vore villig til å vurdere, sjølv om dei er vel kjend med at teknologien finst.
Eg håper Statsforvaltarenser nærare på dette når klagene skal handsamast. Eg håper òg at DSB set krav om nedgraving av tanken før dei eventuelt gjev løyve til fabrikken. Folk i Svelgen fortener å kunne bu trygt og sleppe å uroe seg for alvorlege hendingar på Holmaneset.