Herold

Sunnfjord næringspark og SMR

Plus
Kilde: Firda Author: Harald Kjelstad, Sivilingeniør, Hestadgrend. Published: 2026-03-05 07:20:24
Sunnfjord næringspark og SMR

Det er bra at diskusjonen i Firda om kjernekraft har skapt så stort engasjement. Slik debatt er viktig førebuing for framtidas energiforsyning, for kompetanseheving, verdiskaping, distriktsutbygging og ikkje minst globale klimatiltak.

Vi fokuserte på Sunnfjord næringspark denne gongen og energiplanen som ein mogeleg ny vekstimpuls for regionen.

Litt overraskande at Tussa kraft sin konsernsjef svarar med vindkraftlobbyen sine argument.

Vindkraft i høgfjellet gjev ikkje vekstimpulsar lokalt, tvert i mot, natur, livskvalitet, bulyst og næringar blir skadelidande, eigedomsverdiane fell. Teknologi og kompetanse vert importert, etter kvart frå Asia. Vi åtvarar også mot å svekke beredskap og sikkerheit med kraftverk i ope landskap.

Vindkraft i vårt hittil utmerka kraftsystem er dessutan mykje dyrare enn kva folk flest vert informert om. Ein kraftanalytikar beskriv prisbildet slik i TU 16. september 2025: Produksjonspris 42 øre/kWh, (NVE 47 øre) men i tillegg kjem ei rekke tillegg som nettutbygging, balansekostnader og systemkostnader, samla pris rundt 110 øre, havvind minst det dobbelte. Levetida er kort, 25–30 år, og i vårt klima er slitasjen stor. Kostnadane og subsidiane som vindkraft utløyser må betalast av abonnentane, enten gjennom skatt, straum- eller nettleige. Vindkraft ikkje kan plasserast der forbruket er, ustabil kraft kan ikkje forsyne hushald og næringsliv direkte. Ved uhell og stans, tek det lang tid å reparere, alt må skaffast frå utlandet.

Risiko for straumutfall, slik vi har døme på frå fleire land, er for stor risiko for kraftkrevjande industri, slik Sunnfjord næringspark arbeidar med. Datasentera, enten dei er bygde for datalagring eller for KI-produksjon, er svært avhengige av stabil kraft og bygger ofte «back up» med mange dieselaggregat. Dataindustrien er svært lønsam, og betalingsevna for sikker kraft er høg. SMR kan tilby fastpriskontraktar som gjev god avkasting.

Ja det er dyrt å bygge ut kjernekraft. Plassbygde store reaktorar har ofte fått auka kostnad og forseinka oppstart. Med modulære fabrikkbygde reaktorar er det lettare å følge både budsjett og framdrift.

Vasskrafta vår var også dyr å bygge ut, men med lang levetid, rein, stabil og regulerbar. Difor er produksjonsprisen låg i dag, 12 til15 øre pr. kWh. Tørråra tok vi kontroll på med fleirårsmagasin og samkøyring med nabolanda.

Med tilsvarande plan for bygging av små kjernekraftverk med 70 til 100 års levetid, vil vi oppnå produksjonspris på 20 til 25 øre pr. kWh. Kjernekraft vil gje stabil kraft for industrien, på same måte som vasskrafta. SMR kan også leggast i fjellhallar, sikra mot sabotasje og naturkatastrofar.

Ideelt sett, skulle vi gjerne klart oss med den krafta vi har bygd ut over meir enn 100 år, vi har framleis rikeleg med kraft. I 2025 eksporterte vi 24 TWh, dvs. 16 prosent av krafta vår. Med energiøkonomisering, effektivisering og gjenvinning kunne vi skaffa oss nye 80 TWh innan 2050. I dette inngår også oppdatering av eldre kraftstasjonar og auka avrenning grunna klimaendringar. Geoenergi og fjernvarme og dessutan kortreist straum frå solkraft på tak kan komme i tillegg. Vi er allereie det mest elektrifiserte landet i verda, med 50 prosent av all energibruk frå elkraft, av dette opp mot 90 prosent vasskraft. Gjennomsnitt for alle land er berre 20 prosent fornybar, inkludert kjernekraft.

Dei siste 13 åra har nyskaping og produktivitetsvekst stagnert i Noreg, ikkje minst grunna ein feilslått energipolitikk. Det er ein grunn for at vi meiner at SMR kan gje ein ny vekstimpuls i regionen gjennom industriparken på Moskog.

Men utfordringa er at 51 datasenter har allereie fått reservert til saman 3480 MW kapasitet i nettet, medan 53 står i kø og etterspør ytterlegare 5087 MW. Totalt eit straumforbruk på rundt 75 TWh, nesten halvparten av all kraft som blir produsert i Norge. Først når eit prosjekt tilfredsstiller Statnett sine krav kan søknad om kapasitet sendast. Sunnfjord næringspark kan komme langt bak i køen. Eit SMR anlegg i fjell, med faste kontraktar med datasentera kan verte god butikk, dei har betalingsevne, berre dei er sikra stabil kraft.

Kjernekraft i Sunnfjord?

Sterk kjernekraft-skepsis i Sunnfjord

– Dette er den neste store sjansen til Førde

Kjernekraft i Sogn og Fjordane?

🏷️ Extracted Entities (16)

SMR (entity) Sunnfjord (place) TWh (entity) MW (entity) Asia (entity) Fjordane (entity) Førde (entity) KI (entity) Moskog (entity) NVE (entity) Noreg (entity) Norge (entity) Sogn (entity) Statnett (entity) TU (entity) Tussa (entity)