Herold

Når unge kvinner tek økonomisk leiarskap

Plus
Kilde: Firda Author: Emir Saracevic, Banksjef Nordea, Førde Published: 2026-03-05 08:23:46
Når unge kvinner tek økonomisk leiarskap

Kvinnedagen blir ofte brukt til å løfte fram skilnader i løn, stillingsdel og maktposisjonar. Det er viktige diskusjonar. Samstundes finst det ei side ved likestillinga som sjeldan får like mykje merksemd: kven som sparer, investerer og eig, og kva dette betyr for økonomisk fridom over tid.

I lang tid har menn dominert kapitalmarknaden. Dei har eigd fleire aksjar, hatt høgare inntekt og bygd opp større pensjonsrettar enn kvinner. Dette mønsteret er godt kjent. Det som derimot er nytt, er signala vi no ser blant dei yngste. I aldersgruppa under 40 år er det ikkje lenger menn som sparer mest i fond. Her er det kvinnene som går føre. Over halvparten av fondskjøpa i denne gruppa blir gjorde av kvinner.

Dette peikar mot eit mogleg generasjonsskifte. Når sparevanane endrar seg tidleg i livet, kan det få stor betydning for korleis formue og eigarskap utviklar seg på sikt. Om denne trenden held fram, vil også dei samla tala etter kvart endre seg.

Utviklinga er ikkje avgrensa til storbyane. Også i Førde har vi sett ei tydeleg endring det siste året. For første gong er kvinner i fleirtal blant unge fondskundar i Nordea. I gruppa under 40 år står kvinner for 51 prosent av fondskjøpa. Det er kanskje ikkje eit dramatisk sprang, men det markerer eit klart brot med det historiske bildet.

Kvifor er dette viktig? Fordi eigarskap framleis er skeivt fordelt. I Sunnfjord, som i mange andre regionar, er det menn som sit på størstedelen av formuen. Ser vi på alle aldersgrupper samla, står menn for over halvparten av fondsinvesteringane både nasjonalt og regionalt. Samstundes veit vi at kvinner oftare vel låg risiko, nedbetaling av gjeld og sparing på konto framfor investeringar i marknaden.

Desse vala er rasjonelle og ansvarlege. Likevel er dei ikkje utan konsekvensar. Over tid kan manglande investeringar føre til lågare avkastning, svakare pensjon og mindre økonomisk handlingsrom.

Å investere i fond handlar ikkje om å ta store sjansar. Det handlar om å la pengane arbeide over tid, i takt med verdiskapinga i samfunnet. For kvinner er dette særleg viktig. Dei lever i snitt lengre enn menn, tener ofte mindre gjennom yrkeslivet og er meir økonomisk sårbare ved samlivsbrot.

Det er eit paradoks at Noreg, som ligg langt framme på likestilling i arbeidslivet, framleis har store skilnader når det gjeld kapital og investeringar. Lik tilgang til eigarskap er ein føresetnad for reell økonomisk likestilling.

Difor må ikkje utviklinga blant unge kvinner bli noko vi slår oss til ro med. Tvert imot bør ho inspirere til meir merksemd rundt økonomiske skilnader mellom kjønna. Når kvinner tek større plass i kapitalmarknaden, handlar det ikkje berre om privat sparing. Det handlar om kven som eig framtidige verdiar, kven som får ta del i verdiskapinga, og kven som sit att med valmoglegheiter seinare i livet.

På kvinnedagen bør bodskapen vere enkel og konkret:

Du treng ikkje kunne alt.Du treng ikkje satse stort.Men du bør ta eit første steg.

Kvinner i Førde har mykje å vinne på å krevje sin plass i kapitalmarknaden.

🏷️ Extracted Entities (4)

Førde (entity) Nordea (entity) Noreg (entity) Sunnfjord (place)