Desse vegprosjekta blir lyst ut i år
Plus
Fleire vegprosjekt, blant anna Angedalsvegen i Førdepakken, skal bli lyst ut i løpet av året.
Vestland fylkeskommune førebur utlysing av ei lang rekke vegprosjekt i 2026.
Seksjonsleiar Gunhild Vangsnes i Vestland fylkeskommune understrekar viktigheita av dei kommande prosjekta.
– Tiltaka er prioriterte ut frå behov for trafikksikkerheit, framkome og driftstryggleik. Mange av dei tek tak i kjende utfordringar knytt til slitasje, rasfare og kapasitet på fylkesvegnettet, seier Vangsnes til Vestland fylkeskommune sine nettsider.
Dette er lokale vegprosjekt som blir lyst ut i år:
- Fv. 614 Svelgenvatnet III: Eit prosjekt for skredsikring med inspeksjon, reinsk og bolting frå tau, til ein kostnad på om lag 15 millionar kroner. Utlysing skjedde februar/mars 2026.
- Veglys Sogn:Ombygging av veglys til LED i kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster og Lærdal, med utlysing i mars 2026.
- Rammeavtale mindre vegdrift Nordfjord Ytre:Ein rammeavtale for vegdrifts- og vedlikehaldsarbeid, med ei kostnadsramme på om lag 35 millionar kroner. Utlysing er planlagd våren 2026.
- Fv. 5591 Rørdalsfjord bru: Planar om ny bru i Solund til ein kostnad på rundt 88 millionar kroner, med utlysing vår/sommar 2026.
- Fv. 630 Øvre Kvamme bruer: Utskifting av to bruer i Lærdal, til ein kostnad på om lag 34 millionar kroner. Utlysing er planlagd hausten 2026.
- Fv. 60 Storeelva bru: Ny bru i Stryn som vart utlyst med frist 13. mars 2026, med ei byggetid på eitt år.
- Fv. 618 Eidekrysset: Utbetring av krysset med ein kostnad på 5–10 millionar kroner, og oppstart hausten 2026.
- Ljoteli, Årdal kommune: Eit prosjekt til 30 millionar kroner, der fylkeskommunen ønsker dialog med entreprenørar i 2026 for bygging i vår, sommar og haust 2027.
- Førdepakken Angedalsvegen-Hafstad:Eit delprosjekt i Førdepakken med ein kostnad på 451 millionar kroner, og oppstart i 2027.
- Ferjeavløysing Askvoll-Atløy:Eit større prosjekt til 1,839 milliardar kroner, med kontraktsignering planlagd i august 2026.
- Fv. 616 Måløy ferjekai: Dette prosjektet inneber bygging av ei ny tilleggskai til ein kostnad på om lag 50 millionar kroner. Det vart utlyst med frist 9. mars 2026, og er venta å vere ferdig i januar 2027.
- Fv. 614 Isane ferjekai: Her skal det byggjast ei ny tilleggskai og leggjast til rette for lading, med ein kostnad på rundt 50 millionar kroner. Utlysing er planlagd våren 2026.
Oppfordring til foreldre: – Vi må unngå ekle situasjonar
Kan gå fire år før gangbrua er ferdig. Slik blir endringane
Reagerte på Førdepakken-utspel: – Det er ingenting som er gratis pengar