Måtte stenge SFO: – Mest forsvarleg
Plus
Influensaepidemi i Fjaler gir problem for mange barnefamiliar.
Torsdag måtte Fjaler kommune gå til skrittet å stenge SFO på Dingemoen skule frå kl. 11.15 for 3.- og 4.-klassingar.
– Det er personalmangel. Det går føre seg ein influensaepidemi her no. Vi fann det mest naturleg og forsvarleg å stenge, seier kommunalsjef for oppvekst, Kjell Roger Stien.
Det hadde rett og slett vore for mange barn på for få vaksne til stades.
– I dag var det ekstremt mange sjuke tilsette, slår Stien fast.
Han kan ikkje hugse at dei har måtta stenge så lenge før.
– Eg trur det er første gongen. Det kan skje av og til med eit kvarter eller ein halvtime, men det er nok veldig sjeldan med så lang stenging. Vi får håpe vi har folk i morgon, seier Stien.
Familie mista huset til brann. Politiet finn ikkje årsaka
Nathali (32) vaknar kvar natt: – Eg er livredd for familien min
Vil slutte seg til museumsfellesskapet i Sogn og Fjordane
Fjaler: – Må sjå på vanskelege kutt