Dette er siste gongen du ser den massive tanken
Plus
Onsdag kveld gjekk det fÞre seg ein massiv operasjon langs fylkesveg 57. Politieskorte var pÄ plass dÄ to enorme tankar blei transportert til Mongstad.
Atle Dingen i Alver kommune er den som kan fortelje meir om det som skjedde pÄ vegen.
â Dette var ein spesialtransport, for Ă„ seie det slik.
Han forklarer at kommunen for tida bygger eit nytt avlÞpsreinseanlegg for kloakk i Mongstad-omrÄdet. Dingen er prosjektleiar for arbeidet der Romarheim skal leie entreprenrÞrarbeidet.
â Dei monterer anlegget som skal pĂ„ plass.
Det som blei transport frÄ Bergen var to enorme tankar. Dei kom pÄ kvar sin trailar. Den eine tanken er 20 meter, og den andre er 25 meter. Tankane er begge 3 meter i diameter.
Stoppa opp trafikken
Utan Ä bli for teknisk i forklaringa er tankane sentrale i Ä reinse kloakken. Slik blir det trygt Ä sleppe avlÞpsvatnet ut pÄ djupt vatn nÄr det er reinsa. Samstundes blir alt det faste stoffet i avlÞpet samla i eit slamlager.
â All kloakk i Mongstad-omrĂ„det blir behandla gjennom dette anlegget. SĂ„ samlar vi opp det som kjem i slamlageret, og kĂžyrer det vekk etter behov.
I utgangspunktet trudde kommunen at sidan dei to tankane var sÄ store, ville dei komme med bÄt til Mongstad. Men sÄ fekk dei beskjed om at leverandÞren kunne sende det via landevegen.
Transporten hadde politieskorte frÄ Bergen og ut til Mongstad. Dei stoppa trafikken etter behov, slik at dei massive tankane kom seg uhindra fram.
Ser dei ikkje
Dingen fortel at det ikkje er rett fram Ä sette tankane pÄ plass nÄr dei er vel framme.
â Vi mĂ„ fĂžrst bore og sprenge ut eit omrĂ„de fĂžr vi kan montere dei. Og dessutan mĂ„ vi grave ei leidningsgrĂžft til og frĂ„ Mongstad-anlegget.
Prosjektleiaren fortel at det oppgraderte anlegget, er av ein type Alver ikkje har frÄ fÞr av.
â Vi har undersĂžkt kva opplevingar andre kommunar som har dette har hatt, og vi har fĂ„tt tilbakemeldingar pĂ„ at det fungerer bra.
SjÞlv om tankane er enorme og tar mykje plass, vil ingen som rÞrer seg i omrÄdet kunne sjÄ dei etter at dei er monterte.
â Dei skal vere under bakken, sĂ„ dei blir ikkje synlege i det heile tatt. Det einaste ein vil sjĂ„ er kumlokk oppe pĂ„ asfalten. Vidare kjem det bygg for prĂžvetaking, slamoverfĂžring og pumping.