Herold

Blåsemafiaen bidrar til korpsbonanza i Hovshall: – Vi gler oss veldig

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Ingunn Karijord Published: 2026-03-04 19:01:00
Blåsemafiaen bidrar til korpsbonanza i Hovshall: – Vi gler oss veldig

I fjor tok Sunndal Ungdomskorps (SUK) kontakt med den kjende norske instrumentalgruppa Blåsemafiaen om eit samarbeid. Søndag kveld opnast dørene til Hovshall, og korpsmusikantane i SUK gler seg til ei helg fylt av mykje musikk.

Ingrid Smiseth, Une Hagen Aasen og TIril Brandal Nisja er tre av barna som er med i korpset, og dei ser mange fordelar med å gå over frå å øve til konserten til å gjennomføre konserten.

- Då får vi gjere noko anna enn det vi gjer no og bruke hovudet til noko anna, for no er det mykje pugging til konserten og det er mykje å hugse, seier Ingrid.

- Høyrer dokker noko på musikk av Blåsemafiaen på Spotify?

Det nikkast blant dei tre jentene.

- Ja, eg høyrer når eg står heime og øver på songane og spelar i lag med dei, fortel Tiril.

- Eg høyrer på dei når eg har instrumenttime med Peter, og då øver vi på det eg skal spele, fortel Ingrid.

Korpsbonanza på scenen

Konserten med Blåsemafiaen involverer langt fleire enn SUK og den tilreisande gruppa. Det blir eit skikkeleg korpsbonanza med mange unge korpsmusikantar frå heile Nordmøre å sjå og høyre når SUK får med seg Averøy Skolekorps, Frei Skolekorps og Surnadal Skolekorps på scenen.

- Vi har øvd sidan nyttår på det korpsa skal spele, og vi hadde ei øvingshelg saman med dei andre korpsa på Averøy tidlegare i vinter. I helga lagar vi til ei sosial samling her med øving heile laurdag og ein sosial kveld med god mat, quiz med meire. Dei i SUK som har lyst å overnatte på flatseng på klasserom med andre får gjere det. På søndag kjem Blåsemafiaen, og dei skal ha eit seminar med korpsa, og så blir det konsert om ettermiddagen i Hovshall, fortel leiar i korpsstyret, Ragnhild Langseth, som synest det er viktig at kormedlemma opplever at korpsmusikk også er noko heilt anna enn julesongar og speling på nasjonaldagen.

Totalt skal korpsa spele fem songar saman med gruppa, og Langseth skryt av det arbeidet dirigent Peter Wergeni har gjort i forarbeidet med songane. Han har langt inn ein del nye arrangement, og har trent med korpset til å lære songane utanatt.

- Vi kjende til at Blåsemafiaen gjerne tar på seg slike oppdrag kor dei drar rundt og inspirerer unge musikantar, og derfor tok vi kontakt med dei, fortel ho.

Blåsemafiaen blei etablert allereie for ti år sidan som ein sekstett med to musikarar på trompet, to på trombone og to på saksofon. Dei vart for alvor kjend då dei deltok i "Melodi Grand Prix" i 2021, og sidan det har dei spelt fire gongar i Alexandraparken på Jazzfestivalen i Molde, og i år kjem dei tilbake dit. Til konserten søndag er dei fem musikarar, ein vokalist og ein lydmann som kjem.

Same året dei var med i MGP etablerte dei bevegelsen "Let Loose Movement", som er nettopp det å inspirere unge musikantar til å utforske kva dei kan gjere med instrumentet sitt. Dei har godt over 10 000 følgjarar på facebooksida, og nøkkelord for bevegelsen er samspel, meistring og fellesskap.

Songen dei deltok med i MGP heitte «Let Loose», og då var Caroline «Hazel» Teigen vokalist. Når dei entrer scenen søndag, får dei med seg ei vokalgruppe som består av Une Hagen Aasen, Ingrid Smiseth, Ingvild Langseth Øvstebø, Live Moen Bakken, Emma Storholt Lie, Evelina Gamsgrø Farjia og Live Langseth Øvstebø. Dei har øvd mykje på å synge denne songen. I tillegg blir det og fleire parti i konserten kor andre frå korpsa har solistframføring på song eller instrument.

Vinn billettar til konserten

- Ungane kjende ikkje til bandet då vi presenterte dei for dette tidlegare, men så har Blåsemafiaen samarbeidd med Hagle, og dei er populære. Så no spelast dei på Spotify heime av jentene, registrerer eg, seier Langseth.

- Ja, no høyrer vi på Blåsemafiaen omtrent kvar dag heime hos oss, tilføyer Ida Solberg.

Styret i korpset ønsker å få oppmerksamheit rundt konserten og godt med publikum, men ikkje minst oppmerksamheit rundt dei aktivitetane korpset held på med. Derfor har dei ei side på Facebook og ein konto på Instagram dei jamleg oppdaterer. Her får ein sjå bilde

- Vi har laga ein "give away"-aksjon på sosiale media. Når du begynner å følge sida og deler vidare, er du med i trekkinga om å vinne to billettar til konserten. Trekkinga skjer på laurdag, og vi ønsker at mange skal begynne å følge sida, seier Ingrid Storholt.

Dei siste åra har Sunndal Ungdomskorps hatt ein god framgang, og per i dag er det 25 som spelar i korpset og ti aspirantar, som vil bli tilslutta korpset stadig meir utover våren.

- Vi håpar mange fleire vil vere med i ungdomskorpset, og vi har ei veldig god stemning i gruppa og ei god foreldregruppe som bidrar i arbeidet. På kvar øving har to foreldre ansvar for ein aktivitet i pausen, og gjerne lage til kveldsmat og ansvar for opprydding, og dette går på rundgang, seier Ragnhild Langseth.

Kanskje sit det nokre barn i salen på søndag kveld som blir inspirert til å bli med i korpset eller som vil søke på kulturskolen for å lære å spele eit messingblåsar eller treblåsarinstrument.

🏷️ Extracted Entities (32)

Blåsemafiaen (entity) Hovshall (entity) SUK (entity) Ingrid Smiseth (person) Ragnhild Langseth (person) Averøy Skolekorps (person) Let Loose Movement (person) MGP (entity) Peter Wergeni (person) Sunndal Ungdomskorps (person) TIril Brandal Nisja (organization) Une Hagen Aasen (person) Alexandraparken (entity) Caroline Teigen (person) Emma Storholt Lie (person) Evelina Gamsgrø Farjia (person) Facebook (entity) Frei Skolekorps (person) Hagle (entity) Hazel (entity) Ida Solberg (person) Ingrid Storholt (person) Ingvild Langseth Øvstebø (person) Instagram (entity) Jazzfestivalen (entity) Live Langseth Øvstebø (person) Live Moen Bakken (person) Melodi Grand Prix (person) Molde (place) Nordmøre (entity) Spotify (entity) Surnadal Skolekorps (person)