Herold

Fridom frå vald

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Marit Aklestad Published: 2026-03-05 11:40:53
Fridom frå vald

Fridom frå vald

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

  1. mars er den internasjonale dagen for kvinnefrigjering. Fridom frå vald er grunnleggjande. Likevel ser vi dystre tal på vald som særleg råkar kvinner, kvar dag, i alle samfunnslag, i form av vald i nære relasjonar. Fysisk, psykisk og seksualisert vald synast ikkje å minske i omfang. Sanitetskvinnene oppgir at ei av ti kvinner i Noreg har vore utsett for alvorleg fysisk partnarvald.

Internasjonalt, eksemplifiserer Epstein-saka korleis unge jenter får liva sine øydelagt som følgje av maktmisbruk og overgrep frå mektige menn. Overgriparane går i altfor mange tilfelle fri. Vi veit òg kor utsette kvinner på flukt er, som under umenneskelege forhold også må beskytte borna sine. USAs Donald Trump blir syntesen av det heile, der han både er kjent skuldig i overgrep av kvinner på individnivå, og med rå makt overkøyrer demokratiske spelereglar, trugar sine allierte og set i gang krigshandlingar etter innfallsmetoden.

Mange kvinner, born, og også menn, får aldri hjelp, aldri vern, aldri historia si teke på alvor. Mange blir påført skadar dei ber med seg i generasjonar.

Vald er eit samfunnsproblem og eit likestillingsproblem, der byrda altfor ofte blir lagt på den som blir utsett, i staden for den som utøver valden. Skeive maktforhold og skeive økonomiske forhold gjer det vanskelegare å kome seg ut av skadelege relasjonar. I tillegg til førebygging og konkrete hjelpetiltak, må kampen mot vald òg skje på samfunnsnivå gjennom utjamning av makt og rikdom, styrking av kvinners rettar og i innsats for ei fredelegare verd.

Retten til å leve eit liv utan vald er eit kjernepunkt i kvinnekampen. La oss saman ta kampen for eit liv fritt for vald – for alle!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (16)

Kvinnedagen (8. mars) 📁 (category) Kvinnekamp 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Overgrep 📁 (category) Vald 📁 (category) Kvinnedagen (8. mars) 🏷️ (keyword) Kvinnekamp 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Overgrep 🏷️ (keyword) Vald 🏷️ (keyword) Donald Trump (person) Epstein (entity) Nordvest (entity) Noreg (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Vald, Overgrep, Kvinnekamp, Kvinnedagen (8. mars)
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Vald, Overgrep, Kvinnekamp, Kvinnedagen (8. mars)