Ny rapport om folketalsutviklinga i Telemark: Notodden på tredje plass
Plus
TELEMARK: Telemark er nesten jumbo i landet når det gjeld folketalsutvikling. To ordførarar i fylket kan smile. Notodden fekk tredjeplass, men ligg under gjennomsnittet for landet.
(TA:) Statistisk sentralbyrå (SSB) la onsdag fram folketalsutviklinga for heile Noreg. For Telemark er tala svært dystre, berre Nordland fylke har svakare utvikling. Sju kommunar kan vise til vekst, men berre Nissedal og Fyresdal har større auke enn landsgjennomsnittet. Heile ti kommunar i fylket vårt fekk færre innbyggjarar i fjor. Vinje, Seljord og Kragerø har størst nedgang.
Ganske svart
Seniorforskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking i Bø følgjer utviklinga frå kvartal til kvartal. Han legg ikkje skjul på at situasjonen er dyster.
- For Telemark er den ganske heilsvart. Fylket har fødselsunderskot med fleire døde enn fødde, og ein samla vekst på 60 personar. Det utgjer ein vekst på berre 0,03 prosent medan Noreg samla har ein auke på 0,59 prosent. Berre tre kommunar i fylket har netto innanlands tilflytting som betyr noko; Nissedal, Fyresdal og Drangedal. Dette er årsaka til at Nissedal og Fyresdal er vinnarane med ein vekst på 1,55 prosent og 1,43 prosent, opplyser Thorstensen.
Under snittet
Storbyane er heller ingen motor i fylket. I Skien har folketalet auka med berre 40 personar, eller 0,07 prosent. Til samanlikning har vesle Nissedal ein auke i innbyggjartalet på 23 personar. Porsgrunn fekk ein vekst på 146 personar i fjor, men den er også lågare enn landet. Notodden ligg også under gjennomsnittet for landet.
Midt-Telemark har tradisjonelt vore ein vinnar, og da særleg Bø-delen av kommunen. No har det flata kraftig ut. I fjor steig folketalet med berre 22 personar. Kommunen er ein av to som har positivt fødselsoverskot, med åtte personar. Derimot flyttar det fleire ut av enn inn i denne kommunen.
Blir feiring
Ordførar i Nissedal, Ian Parry-Jones (Sp), er strålande fornøgd med utviklinga.
- Dette er kjempegøy og veldig gledeleg. Kommunen tok imot 13 flyktningar i fjor. Det talet viser at me òg har positiv tilflytting frå andre kommunar. No blir det feiring med kake. Målet på 1.500 innbyggjarar er passert, så no må det neste vere 1.600 personar , seier han til TA i samband med dei ferske tala.
Årsaka
- Kva er årsaka til denne utviklinga?
- Nissedal ligg med sin flotte natur sentralt til å vere ein distriktskommune, rundt halvannan time frå både Skien og Arendal. Me køyrer til Drangedal som har togstasjon på 45 minutt. Nissedal er ein inkluderande kommune med aktivtetar for barn, unge og eldre. Dei som er glade i naturen har no moglegheiter for å jobbe heimanfrå. Ein får ro av å vere i Nissedal. Det er heller ingen tvil om at hyttebygginga dei siste åra har slege positivt ut på innbyggjaratalet. Folk som besøker familie og venner på hytta har fått smaken på kommunen, svarar ordføraren vidare.
Bra med tomter
Han opplyser elles at kommunen har god tilgang på bustadtomter, og den slit heller ikkje vesentleg med å få tak i tilsette, sjølv om nokre stillingar må lysast ut fleire gonger.
- Det burde vore eit økonomisk stimulering frå staten for folk som byggjer hus i distrikta. I Oslo får folk gevinst på investering i bustad. Ute på landet er det ikkje slik. Dette bør derfor styresmaktene gjere noko med denne situasjonen, ifølgje ordførar Ian Parry-Jones.
Slik var utviklinga i Telemark
KJELDE: SSB/Telemarksforsking