Her vart bygget offisielt opna – no kan det bli kåra til årets beste
Plus
Husnes barneskule er blant 18 som kjempar om å bli årets skulebygg 2026.
Det er kurs- og konferansearrangøren Nohrcon som 23. april arrangerer ein konferanse om framtidas skulebygg i Oslo. I den anledning skal dei også kåra årets skulebygg 2026. Her er Husnes barneskule ein av 18 nominerte.
Det melder Nohrcon på sine sider.
«Kva skuleprosjekt representerer det beste innan norsk skulearkitektur akkurat no? 18 nye og ombygde skuleprosjekt frå heile landet er nominert til prisen, og frå 2. til 16. mars kan både fagmiljø, lokalsamfunn og publikum vera med å stemma fram sin favoritt», skriv dei på sine sider.
Sjølv om det er ei offentleg avstemming fram til midten av mars, er det også ein fagjury som skal vera med å avgjera kva bygg som kan krona seg med den gjæve tittelen, som blir delt ut under konferansen 23. april.
«Vi ser ei tydeleg dreiing mot meir heilskaplege skuleanlegg, der pedagogikk, berekraft og nærmiljøtenking er integrert frå start. Det handlar ikkje berre om bygg, men om korleis arkitektur kan støtta læring og fellesskap over tid», seier kåringsansvarleg Emilie Arnold i Nohrcon i pressemeldinga.
Dette er dei 18 nominerte:
- Aursmoen skole, Aurskog-Høland kommune
- Cissi Klein VGS, Trøndelag fylkeskommune
- Fillan skole, Hitra kommune
- Finnsnes barneskole, Senja kommune
- Fjære barneskole, Grimstad kommune
- Folkeparken skole, Kristiansund kommune
- Frakkagjerd ungdomsskole, Tysvær kommune
- Haraldsvang ungdomsskole, Haugesund kommune
- Hartvig Nissens skole, Oslo kommune
- Hessa skole, Ålesund kommune
- Hokksund barneskole, Øvre Eiker kommune
- Husnes barneskule, Kvinnherad kommune
- Hyen skole, Gloppen kommune
- Kvam VGS, Vestland fylkeskommune
- Sofiemyr skole, Nordre Follo kommune
- Stord VGS, Vestland fylkeskommune
- Trondheim katedralskule, Trøndelag fylkeskommune
- Vilberg barneskole, Eidsvoll kommune
Det var Grenda som omtalte nominasjonen først.
Snart klar med «Olaløo på hjul»: – Eg veit at turistar i Bondhusdalen har etterlyst eit slikt tilbod