Herold

Utvandringa til Amerika blir tema på neste møte i senioruniversitetet

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-03-04 04:00:00
Utvandringa til Amerika blir tema på neste møte i senioruniversitetet

Neste møte i Kvinnherad Senioruniversitet handlar om utvandringa til Amerika som i 2025 vart markert med 200-årsjubileum.

Møtet finn stad i Rosendal samfunnshus torsdag 12. mars, og føredragshaldar er historikar og reiselivsgründer Rasmus Sunde.

I pressemeldinga står det følgjande om Sunde:

Han er fødd i Vik i Sogn, oppvaksen i Jølster, vart gift med Ingrid Slinde, og til saman budde dei 11 år i Trøndelag. I 1978 slo familien seg ned i Balestrand der Sunde no bur. Sunde har artium frå Firda Gymnas i Gloppen. Etter eksamen frå Bergen Lærerskole, studerte han ved Universitetet i Trondheim der han tok hovudfag i historie i 1974. I 2001 disputerte han for dr.art. graden i migrasjonshistorie ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Vikjer ved fjorden – vikjer på prærien». Ein demografisk komparativ studie med utgangspunkt i Vik i Sogn (2000).

Han har vore lektor i Melhus, Klæbu og Balestrand. I 1991 vart han tilsett som amanuensis og frå 2001 som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. I vårsemesteret 2005 var han gjesteførelesar i historie ved Augustana College i Sioux Falls i Sør-Dakota.

Sunde har gitt ut fleire bøker om utvandringa til Amerika: «Ein stad skal ein vera: Utvandringa frå Vik i Sogn» (1989), «Long Prairie: Ei sognebygd i Amerika» (1994), «Ei utvandrarsoge frå Sogndal» (1994), «Langt borte – men likevel nær: Utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962» (2004) og «Amerikabrev 1880-1950: Livssoga til to brør frå Romsdal» (2009). Sunde har elles publisert fleire artiklar om migrasjon og er ein ettertrakta føredragshaldar om emnet.

Arbeidet med utvandringa til Amerika førte til fleire kortare opphald i Midtvesten. I 1998 vart han beden om å vere reiseleiar for ei gruppe dit. Dette resulterte i at han saman med sonen Yngve etablerte eit reiseselskap i 2003 som fekk namnet Fotefar temareiser. I dag har Fotefar Temareiser seks tilsette og arrangerer nær 40 turar i Europa, Amerika, Afrika og Asia. Sunde har framleis 60 % stilling i selskapet og er dessutan ein populær reiseleiar på fleire turar.

🏷️ Extracted Entities (29)

Amerika (entity) Sogn (entity) Balestrand der Sunde (organization) Bergen Lærerskole (person) Fotefar Temareiser (person) Sogndal (place) Universitetet (entity) Vik (place) Afrika (entity) Asia (entity) Augustana College (person) Europa (entity) Firda Gymnas (person) Fjordane (entity) Gloppen (entity) Høgskulen (entity) Ingrid Slinde (person) Jølster (entity) Klæbu (entity) Kvinnherad Senioruniversitet (organization) Melhus (entity) Midtvesten (entity) Rasmus Sunde (person) Rosendal (place) Sioux Falls (person) Sør-Dakota (entity) Trondheim (place) Trøndelag (entity) Yngve (entity)