Lars Emil fekk fin utmerking: – Ein er meir truverdig når ein brukar sitt eige språk
Plus
Tysdag 3. mars, under Kvinnherad Mållag sitt årsmøte, blei Lars Emil Berge frå Åkra tildelt Målblomen.
Det kjem fram i ei pressemelding frå mållaget.
«Lars Emil Berge er styreleiar i Småkraftforeninga, ei landsdekkjande foreining for dei som driv småkraftverk eller arbeider i småkraftbransjen. Som leiar skriv Berge ofte lesarbrev og innlegg i aviser og andre media over heile landet, og mållaget rosar Berge for alltid å bruka ein god og konsekvent nynorsk»skriv mållaget om kvifor dei valde Berge*.*
Les grunngjevinga for at han fekk Målblomen nedst i saka.
Lars Emil Berge heldt sjølv eit innlegg der han takka mållaget for prisen og fortalde litt om sitt eige forhold til nynorsken og korleis han tenkjer rundt nynorskbruken til organisasjonen sin. Han byrja å skriva energi-kronikkar i 2018, og har seinare produsert mange innlegg, som har vore publisert i aviser landet over. I tillegg har Berge fronta Småkraftforeninga på sosiale medium i fleire år – alltid på nynorsk.
«– Nynorsken er viktig for oss i Småkraftforeninga. Nynorsken handlar om kven me er, kvar me kjem frå og kva fellesskap me høyrer til»,sa Berge i takketalen sin.
Han kunne òg fortelja at då han gjekk på Stend jordbruksskule for nokre tiår sidan, stod han på krava for å få nynorske lærebøker, sjølv om det var ekstra ventetid på desse bøkene. Han avslutta innlegget sitt med å takka mållaget for den viktige jobben laget gjer med å ta vare på språket.
Elles står det i pressemeldinga frå mållaget at laget i året som gjekk mellom anna har delt ut prisar til «årets nynorskbrukar» på ungdomsskulane i kommunen, laga konsert i Bergslagen og hatt stand på forfattartreff på Husnes. Styret i laget tok attval, og Mari Mehl held fram som leiar på andre året.
Kvinnherad mållag har delt ut Målblomen sidan 1999, til verksemder og personar som over tid har synt vilje og evne til å bruka nynorsk i marknadsføring og informasjonsarbeid. Her er grunngjevinga for kvifor mållaget gav den til Lars Emil Berge:
«Målblomen 2026 går til Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga (...) Som styreleiar i Småkraftforeninga er Lars Emil Berge ofte ute med ulike utspel og lesarbrev i media, også i saker det kan vera politisk usemje om. Slike utspel kan gå ut både lokalt og på landsplan, og her har Lars Emil Berge synt seg som ein konsekvent og stødig nynorskbrukar. Slik får han markert at nynorsken er godt brukande også for ein som representerer ein landsdekkjande organisasjon, og dette hjelper til med å halda oppe nynorsk også som eit nasjonalt likestilt språk. Målblomen skal vera ei påskjøning for god nynorskbruk, men også eit lite puff for å kunna fremja nynorsken endå meir. Frå nettsida til Småkraftforeininga går det fram at styret til foreininga har ei god overvekt av representantar frå nynorskområde – kan henda dét er grunnlag for endå meir nynorsk i foreininga sitt informasjonsarbeid framover? Uansett står Lars Emil Berge fram som ein tydeleg representant for nynorsk brukt med kunnskap og sjølvtillit i det offentlege rommet, og mållaget vonar at dette kan vera eit førebilete for andre som driv med informasjon og marknadsføring i næringsliv og organisasjonar».