Stamnes vart innesperra etter steinsprang
Plus
Natt til tysdag og tysdag morgon er det fleire hendingar langs vegane.
Klokka 07.40 melde Vegvesenet at fylkesveg 569 ved Vårneset ved Straume er stengd på grunn av eit steinsprang.
– Stamnes er no «innesperra» på grunn av steinspranget. Det er frå før av stengt ved Juvika på grunn av ras. Geolog er varsla og vil ta turen i føremiddag. Ny vurdering på om vegen vil opna innan klokka 13 i dag.
Trafikkoperatør Tor Evensen fortel at geolog er venta på staden rundt klokka 10.30.
– Det er kome ned nokre litt større steinar, men raset i seg sjølv stengjer ikkje vegen. Vegen er stengd førebyggjande, då det er fare for at det skal koma ned meir.
Kring klokka 12.20 melder Vegvesenet at vegen er open att.
Kart: Her er vegen sperra etter steinsprang
Diger stein øydela fylkesveg – stengd til fredag
Har du tips eller foto til denne saka? Send det her.
Mindre steinsprang som ikkje stengjer vegane
Det har også gått ein steinsprang ved Berge i Bergsdalen, som påverkar eitt køyrefelt, vert det meldt klokka 08.04. Her er vegen open.
Klokka 10.27 vart det meldt om eit steinsprang ved Eidslandsvegen, like etter ein tek av frå Dalseid. Her er vegen også open.
Kolonnekøyring fleire stader
Tysdag morgon vart Vikafjellet stengt på grunn av uvêr.
– Det vert kolonnekøyring for alle køyretøy frå klokka 08.30. Ny vurdering klokka 16, skriv Vegtrafikksentralen på X.
Det er frå før av innført kolonnekøyring ved både Hardangervidda og Hol-Aurland.
Desse vegane var stengde
I Ulvik har det gått eit steinskred på fv. 5374, mellom sentrum og Osa. Vegen var stengd ved Kattegjøtta. Vegvesenet melde om hendinga klokka 06.49.
Klokka 07.37 opna vegen att.
– Me fekk melding for ti minutt sidan at entreprenør er på staden og ryddar, så det tek nok ikkje så lang tid før vegen her opnar att, seier Rasmussen rett over klokka 07.30.
I natt, frå 23.37 og ein times tid fram, var E16 stengd på grunn av steinskred på Langhelle i Vaksdal.