Herold

Folkavstemminga om vindkraft kan tidlegast behandlast i juni

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arve Olav Solbakken Published: 2026-03-03 16:54:00
Folkavstemminga om vindkraft kan tidlegast behandlast i juni

Ei sak om rådgjevande folkeavstemming vil bli fremja til kommunetyret innan lovkravet på seks månader.

Ordførar Anne Kristin Førde opplyser at innbyggjarinitiativet om rådgjevande folkeavrøysting vil bli handsama i tråd med reglane i kommunelova.

– Etter kommunelova har kommunestyret seks månader på å ta stilling til eit innbyggjarforslag. Denne fristen gjeld behandling av saka i kommunestyret – ikkje gjennomføring av ei eventuell folkeavrøysting, presiserer Førde.

Servicekontoret er no i gang med å kontrollere underskriftene. Minimumskravet er oppfylt dersom minst to prosent av innbyggjarane, eller minst 300 personar, står bak forslaget.

– Vi er ikkje i tvil om at lovkravet er oppfylt, men listene skal likevel sjekkast ut. Når kontrollen er ferdig, vil saka bli sett på sakskartet og lagt fram for politisk behandling. Administrasjonen førebur saka før ho kjem til kommunestyret. Ut frå møteplanen kan det sjå ut som saka tidlegast kjem opp i junimøtet, seier Førde.

Innbyggjarinitiativet gjeld spørsmål om rådgjevande folkeavrøysting knytt til vindkraftplanar i kommunen.

– Det er viktig for meg at vi har ein ryddig og god prosess rundt både dette initiativet og den komande revisjonen av samfunnsplanen. Engasjement i slike saker viser at mange bryr seg om utviklinga av kommunen vår, seier ho.

Førde understrekar at ulike vindkraftinitiativ er på ulike stadium, og at det er vesentlege forskjellar mellom tidlegare avslåtte prosjekt og dei som no er under utgreiing.

– Kommunen skal handsame alle saker etter gjeldande regelverk og på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Eg ønskjer ein sakleg og respektfull debatt om fornybar energi og framtidig næringsutvikling. Ulike syn høyrer heime i eit lokaldemokrati, og det er viktig at vi møter kvarandre med respekt, seier ordføraren.

bio Arve Solbakken

🏷️ Extracted Entities (2)

Ordførar Anne Kristin Førde (person) Arve Solbakken (person)