16-åring i retten: – Eg har ein rolle i Foxtrot. Eg delegerer desse drapsmennene, eller kva faen ein skal kalle dei
Plus
Den tiltalte 16-åringen forklarar at han eigentleg ville kidnappe politisonen på Tasta, og at snakk om knivstikking berre var for å «gire dei opp».
Påtalemakta meiner at den tiltalte 16-åringen i fjor bestilte eit drap på ein ung gut, sonen til ein politibetjent.
Bakteppet skal ha vore tiltales eks-kjærast.
– Eg var saman med ho frå september 2024 til februar 2025. I februar blei det slutt.
Det tek ein del utspørjing frå aktoratet før svaret på kvifor han var ute etter politisonen blir klart, men han forklarar at ekskjærasten forklarte at politisonen spreidde rykte, og kanskje bilde, av jenta.
Aktor var oppteken av at jenta angivelig hadde blitt kjærast med politisonen. Det avviser tiltalte å ha kjent til.
– Eg høyrde om det for første gong i avhøyr. Eg trur kanskje dei hadde noko før, men eg hugsar ikkje.
Han forklarar at han ikkje heilt hugsar kvifor han valte å agere.
– Der og då brydde eg meg ikkje. Kva som gjorde at eg brydde meg meir etter kvart, veit eg ikkje. Eg tenkte ikkje klart, og jobba meir enn eg sov.
Tiltalte hevdar han ikkje sjølv har møtt politisonen, men at han har snakka med han på telefon og på Facetime.
Frå kidnapping til skyting til knivstikking
Han kom uansett til avgjerda om å gjere noko med politisonen.
– Eg snakka med nokon av mine folk, som kom med sine idéar. Første idé var at han skulle bli kidnappa.
Kva kidnappinga skulle føre til, er han ikkje tydeleg på.
– Kva som skulle skje vidare, ville eg kome på der og då. Den planlegginga veit eg ikkje om ligg på telefonane som politiet beslagla.
Kidnappingsplanane blei lagt på hylla, utan at han hugsar kvifor. Deretter gjekk han over til å planlegge å importere ein pistol for å skyte politisonen.
– Eg tenkte at det var noko eg ville gjere. Eg gav min «høgre hand» i oppgåve å få ein pistol til Stavanger, men det blei aldri noko av.
– Det var der eg hadde fokuset. Det skulle kome eit våpen, og det skulle bli brukt i ein operasjon mot han. Men det var eit problem med transporten, og blei derfor aldri noko av.
Deretter gjekk heller planane over til knivstikking.
– Då tenkte eg at eg skulle sende nokon på han med ein kniv.
Blei lova 15.000 kvar
Der kjem dei to andre tiltalte inn i bildet. 16-åringen hadde allereie kontakt med 18-åringen, forklarar han.
– Slik eg hadde forstått det, så hadde han eit pengeproblem. Eg tilbydde dei pengar for å gjere dette for meg.
16-åringen forklarar at dei to andre tiltalte gjekk med på det, og at planlegginga begynte. Han fekk tak i informasjon om kor politisonen budde, og korleis han såg ut.
18-åringen og den andre 16-åringen skulle få 15.000 kroner kvar.
16-åringen meiner det var ein grei transaksjon.
– Eg tenker at 18-åringen var snill med å hjelpe meg med noko, og eg gav noko tilbake.
– Sjølvsagt skulle eg ha gjort det på ein annan måte, og hjelpt dei på ein annan måte. Eg valte å bruke dei til oppdraget eg hadde.
Ville gire dei opp
I tiltala kjem det fram at 16-åringen sende melding til 18-åringen om at han måtte stikke hardt og djupt.
16-åringen forklarar at han ikkje meinte at dei faktisk skulle stikke han med kniv.
– Eg sende det for å gire dei opp, gjere dei klare og vise at dei måtte ta dette alvorleg og gjere det skikkeleg. Det var aldri hensikt om at han faktisk skulle bli skada.
Han meiner at han prata med 18-åringen på telefon rett før han blei pågripen, og at tona då var ein annan.
– Eg sa at han måtte hugse at han skulle truge han, ikkje noko anna. Eg har aldri bedd dei om å skade han. Skriftleg sa eg at han skulle knivstikke, men på telefon blei heilt andre ting sagt.
18-åringen sit på tiltalebenken eit par meter unna 16-åringen, og trekker på smilebandet og ristar på hovudet medan han seier det.
Foxtrot var ikkje involvert
Tiltalte understrekar at dette ikkje heng saman med Foxtrot.
– Eg har aldri sagt at dette er ein del av Foxtrot. Det er, unnskyld språket, berre bullshit.
Han hintar likevel til at organiserte kriminelle har kjent til planane.
– At fleire visste om det er fullt mogleg, men det kom aldri som ein bestilling. I meldingane eg har lese sjølv, skriv eg gjentatte gonger at dette ikkje skal bli snakka om eller knytt til Foxtrot.
Aktor peikte tidlegare på dagen på at 16-åringen utgav seg for å vere ein Foxtrot-representant, og samanlikna det med skodespel. Tiltalte avviser dette.
– Eg har ein rolle i Foxtrot. Eg delegerer desse drapsmennene, eller kva faen ein skal kalle dei. Det er rolla eg har.
Samstundes seier han at han ikkje trur 18-åringen var i stand til å ta eit liv.
– Slik eg las 18-åringen, så var han ikkje klar for det. Han var for god for å gjere det. Dei er for gode for å gjere sånn.
Han avviser samstundes å ha overtalt dei andre tiltalte til å gjere noko mot si eiga vilje.
– Organisert kriminalitet er det jo, men eg meiner ikkje det er rekruttering eller menneskehandel. Hadde ikkje han hatt lyst, kunne han berre ha sagt nei.
Angrar og skjemmest
16-åringen seier at han angrar på hendinga.
– Dette er ein av tinga eg faktisk angrar på. Eg skjemmest over dette.
Angeret skal ha blitt styrka etter han fekk sjå eit videoavhøyr av den fornærma politisonen.
16-åringen viser til sterke følelsar i sving, og at han raskt gjekk frå å ville skade til å true.
– Eg er ungdom, med impulsar. Det gjekk raskt frå at ville skade han, til at det berre skulle bli slik at han forstod det som blei sagt og gjort.
Rettssaka startar: 16-åring risikerer 15 års forvaring for drapsforbund
Trudde han fekk drapsoppdrag frå Foxtrot: Var frå ein 16-åring frå Stavanger
Video-reel
🔗 Published by 2 sources - Compare: