Sande: – Hafstadfjelltunnelen ikkje inne i budsjettet
Plus
Ap, Sp og Raudt er blitt einige om budsjettet. Hafstadfjelltunnelen er ikkje komen inn i budsjettet.
– Ap ville ikkje
Kommunane får meir
Det fortel Erling Sande (SP) til Firda.
Laurdag kveld vart det klart at dei tre partia har klart å einast om eit statsbudsjett for 2026. MDG trekte seg frå forhandlingane. Ifølge VG trekte SV seg ut i siste runde, men partiet er framleis opne for vidare forhandlingar.
Senterpartiet forsøkte å forhandle inn oppstartsmidlar til Hafstadfjelltunnelen for slutten av 2026, men lukkast ikkje med å få det inn i budsjettet.
– Ap ville ikkje gå inn for det. Vi får jobbe vidare med det i 2026. Men planlegginga av tunnelen held fram, og vi taper ikkje noko tid. Målet er å få inn ein oppstart mot slutten av neste år, seier Sande.
– Vi har lukkast å pushe prosjektet eit stort steg vidare, ved å presse på ved fleire høve det siste året. Så var jo mitt håp at vi skulle få det banka inn med oppstart på slutten av 2026. Det gjekk ikkje. Men det er positivt at planleggingsarbeidet går for fullt. Det betyr at det blir oppstart etter kvart. Eg skal pushe det eg kan, seier han.
Sande sit på Sogn og Fjordane-benken i Stortinget. Han meiner Senterpartiet har lukkast i å gjere budsjettet meir distriktsvennleg:
– Kommunane og fylkeskommunane får fire milliardar meir enn det som låg inne i Ap sitt forslag, seier han.
I praksis får kommunane i Vestland 353,7 millionar kroner meir, og Vestland fylkeskommune får 135,4 kroner meir i frie midlar.
– Det blir nok kjærkomne midlar. Bryt ein det ned blir det 12,3 millionar kroner meir til Sunnfjord. Askvoll får 1,9 millionar meir, og Fjaler får to millionar meir.
Folkehøgskulestipendet som mange var urolege for er også blitt sikra i det nye budsjettet. Sjukehusa får 500 millionar kroner meir, og det er sett av 100 millionar kroner meir til rassikring, fortel Sande.
– Kva kjensle sit du att med for budsjettet de landa på?
– Det er eit trongt budsjett, med lite rom for å bruke mykje pengar. Det har vore viktig for oss å rydde opp i det som gjekk på ferie og studielån, som no er tatt inn i dokumentet.
– Vi har også fått inn ei satsing på breiband og mobildekning på 125 millionar kroner, som var føreslått tatt vekk. Det er viktig for vårt fylke. Eg synest SP har lukkast i å prege budsjettet. For Sogn og Fjordane er dette ei vesentleg betring samanlikna med forslaget som låg der, seier Sande.
*Firda oppdaterer saka. *
Fekk Krf-leiaren til å sette bryllaupskaffien i halsen
Har brukt 18 millionar på konsulentar i Sunnfjord-skulen