Havforskingsinstituttets forskingsskip «Dr. Fridtjof Nansen» trekk seg ut av Oman
Den spente tryggingssituasjonen i Midtausten tvingar forskingsskipet «Dr. Fridtjof Nansen», som har 20 nordmenn om bord, til å trekke seg ut av Oman.
Saka oppsummert
- Forskingsskipet «Dr. Fridtjof Nansen» evakuerer Oman grunna den eskalerande uroa i Midtausten.
- Skipet har 41 personar om bord, inkludert 20 nordmenn, som kjenner på utryggleik.
- Forskingsoppdraget, som skulle vara i ti månader, er no sett på pause.
- Oman vart feilvurdert som ein nøytral og trygg stad før oppdraget starta.
- Droneangrep og angrep på skip i området har ført til ei uklar trusselsituasjon.
- Avgjerda om å trekkja seg ut av Oman får støtte frå fagforeiningane.
- UD seier til NRK at det er ein uoversiktleg og alvorleg situasjon, og at dei aldri kan garantere for at eit land eller område er trygt.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Dei føler på uro og utryggleik. Det er ein helt annan situasjon enn det dei er vande til, seier reiarlagssjef Inge Andre Utåker i Havforskingsinstituttet (HI).
Han peikar på at dei som er på båten ikkje er tilsette for å driva med sikkerheitsutsett arbeid, men er tilsette i instituttet.
Utåker seier at skipet no jobbar med å finne eit nytt forskingsoppdrag i tryggare omgivingar. Skipet vil etter kvart segle sørover.
Dr. Fridtjof Nansen er laga for bistandsprosjekt, og har siste dagane lege til kai i Muskat, Oman.
BT omtalte skipet si plassering i Muskat måndag.
Feilvurdering frå fleire instansar
Forskingsskipet er eigd av Norad og er engasjert i norsk bistandsarbeid. Det er ein del av Nansen-programmet og har primært operert i Afrika.
For augeblinken er skipet utleigd til fiskerimyndigheitene i Oman for å kartlegge fiskeriressursar, opplyser HI.
I forkant av oppdraget har dei gjort klareringar med fleire instansar, mellom anna Utenriksdepartementet og Norad.
MUSKAT: Skipet ligg i Muskat i Oman. Hamna er rett nok aust for Hormuzstredet, som er ei utrygg passasje mellom Persiabukta og omverda. Iran har sagt at dei vil sette fyr på alle skip som forsøker å passere.
– Alle som me har snakka med sa at Oman truleg ville fortsetja å vera ein nøytral oase i dette her. Det viste seg å vera ei feilvurdering, seier Utåker til NRK.
Skipet har vore i Oman i tre veker, og la til kai i Muskat førre veke. Då kom nytt mannskap ned, og det førre mannskapet reiste heim.
– Det var god tru på at Oman ville vera ein nøytral part i dette her, men det viste seg jo å ikkje vera rett.
Oppdraget dei no er i gang med skal vara i ti månader, men blir no sett på pause.
– Berre eitt døgn inn i denne krigen så var det også angrep i Oman. Det var ei overrasking. Det var ikkje det me hadde vurdert oss fram til. Og det var ikkje i tråd med dei råda som me fekk frå andre institusjonar, seier Utåker.
Dei forlèt Oman og seglar sørover.
Ved godt mot
Utåker fortel at situasjonen har blitt meir og meir anstrengande for mannskapet om bord på skipet.
– Når dei les om hendingane rundt i landet, så har dei følt meir press. Men vi gjer alt for å ivareta mannskapets sikkerheit.
Jon Sørtvedt er hovudtillitsvald i fagforeininga Delta på Havforskingsinstituttet.
– Slik eg forstår det er dei ved godt mot, men det er sjølvsagt veldig skummelt for dei, seier han.
Han har ikkje vore i direkte kontakt med mannskapet, men fortel at fagforeininga opplever at dei er godt i varetekne.
Sjømannsforbundet har også medlemmar om bord. Også dei er nøgde med avgjerda om å forlata Oman.
– Ingen kan vera førebudde på den situasjonen som det er der nede no, seier Jan Erik Lundby i Sjømannsforbundet.
Norges reiseråd til Midtøsten
Utenriksdepartementet fraråder alle reiser til Israel, Palestina, Libanon, Jordan, De forente arabiske emirater, Saudi-Arabia, Bahrain, Kuwait, Qatar, Jemen og Irak.
Utenriksdepartementet fraråder reiser som ikke er strengt nødvendige til Oman.
Nordmenn som er i Syria, Jemen og Iran oppfordres til å forlate landene.
USA ber innbyggere forlate alle disse landene og Egypt.
Norge fraråder reiser til områdene Nord-Sinai og innenenfor 50 kilometer fra Egypts grense til Libya.
UD: – Uoversiktleg og alvorleg situasjon
Utanriksdepartementet (UD) skriv til NRK at dei aldri kan garantere at eit land eller eit område er trygt.
– Den enkelte må sjølv gjere grundige sikkerheitsvurderingar.
Grunna den forverra sikkerheitssituasjonen innførte UD reiseadvarsel for Oman laurdag, der dei rår mot reiser til Oman som ikkje er strengt nødvendige.
– Sikkerheitssituasjonen i Midtausten er uoversiktleg og alvorleg etter eskaleringen i konflikten mellom Israel, USA og Iran. Krisen rammer også land i regionen som ikkje er direkte involvert i konflikten, skriv presseavdelinga vidare.
Ventar på avgang
Skipet skulle i utgangspunktet på tokt langs sørkysten av Oman og enda opp i Salalah om cirka fire veker. Dei er difor relativt upåverka av Iran si sperring av Hormuzstredet lenger nord, men opplever likevel at situasjonen er utrygg.
Utåker peikar på droneangrep mot Oman, mellom anna i Salalahhamn og Muskat. I tillegg til at tankfartøy og handelsskip har blitt angripne i området.
– Så totalvurderinga er at per no er det tryggare å koma seg ut av området enn å fortsetta å venta der, seier Utåker.
Utåker viser òg til angrep i Duqm hamn i tysdag morgon, og fortel at dei avgjorde å trekka seg ut av Oman tysdag føremiddag.
– No førebur dei seg på avgang frå Muskat og vil gjennomføra det når det er praktisk gjennomførbart.