Sahaba Mushtaq (7) blei nesten kvelt då ho hekta seg fast i ein skiheis – no er ho tilbake i bakken
I fjor hekta vesten til sju år gamle Sahaba Mushtaq seg fast i skiheisen, og drog ho etter halsen til ho blei bevisstlaus. Det har ikkje stoppa ho i å ta daglege skiturar i vinter.
Saka samanfatta:
- Sju år gamle Sahaba Mushtaq er tilbake i slalåmbakken etter ei alvorleg skiheisulukke i fjor.
- Under eit barneskirenn i mars 2025 blei ho hengande fast i skiheisen, der startnummeret stramma seg rundt halsen hennar.
- Sahaba var medvitslaus i 20 minutt og låg tre dagar i koma etter ulykka.
- Statens Havarikommisjon har konkludert med at risikovurderingane ved Surnadal alpinsenter var mangelfulle.
- Alpinsenteret har etter ulukka sett i verk fleire tryggingstiltak, som kameraovervaking og betre risikovurderingar.
- Sahaba er no heilt frisk og tilbake i bakken, der ho står på ski nesten dagleg. Ho har ikkje latt seg skremme av hendinga.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
I burgunder skidress renn sju år gamle Sahaba Mushtaq elegant ned slalåmbakken ved Surnadal alpinsenter.
For knapt eitt år sidan skulle ho stå i den same bakken, men blei med eit uhell hengande fast etter halsen i skiheisen.
No er ho tilbake i bakken, og fryktar ikkje heisen, trass i den alvorlege ulykka.
– Før var eg redd, men no klarar eg å ta heisen sjølv, seier ho smilande.
Avisa Driva har også fortalt historia til Sahaba.
– Ho slutta å puste
Ulykka skjedde 17. mars i fjor, då Sahaba deltok på barneskirennet Telenorkarusellen i Surnadal på Nordmøre.
Ho hugsar ikkje mykje av kva som skjedde etter hendinga, men fortel korleis det skjedde.
– Eg sat med vennen min, og så gjekk ho av. Då starta både heisen og eg å gå rundt, fortel ho.
Vesten med startnummeret hennar hekta seg dermed fast, og ho blei slept medan startnummervesten stramma seg rundt halsen hennar, i om lag 400 meter.
Bilete frå Havarikommisjonen, som viser skiheisen Sahaba hang fast i, og vesten ho hadde på seg.
Faren hennar, Gul Wais Mushtaq, fortel at dei tilsette ved Surnadal alpinsenter skunda seg opp for å hjelpe jenta.
– Ho var cirka 20 minutt medvitslaus, fordi ho hengde med halsen i startnummeret. Ho slutta å puste, fortel han.
Vidar Svinsås er skipatrulje ved skisenteret, og var den første på staden etter ulukka. Han fortel at han fann ho med hovudet nede i snøen.
– Det var veldig tøft den kvelden og natta. Då eg fekk høyre at det gjekk bra med ho, var det veldig godt, seier han.
Etter ulykka blei Sahaba sendt med luftambulanse til St. Olavs i Trondheim, og låg tre dagar i koma.
Sidan ho hugsar lite frå ulykka, fortel faren hennar at ho ikkje var redd for å ta turen tilbake til skibakken.
– Etter kvart så gløymde ho at ho var redd også, så no er ho rett tilbake på ski og gler seg til det.
Mangelfulle risikovurderingar
Statens Havarikommisjon konkluderte i februar med at risikovurderingane ved skianlegget var mangelfulle.
I deira rapport kjem det mellom anna fram at Surnadal alpinsenter mangla ei systematisk tilnærming til tryggingsarbeidet, og at tryggleiksstyringssystemet deira mellom anna ikkje inneheldt risikovurderingar.
Helge Røv seier det var ei tragisk hending.
– Rapporten peika på ein del ting, og det har vi tatt lærdom av. Vi har allereie sett i gang tiltak, seier Helge Røv, som er dagleg leiar ved alpinsenteret.
Vidare fortel han at dei har sett opp kamera, gått gjennom kvalitetssikringssystemet og sett på risikovurderingar.
Født med ski på beina
Livet går som normalt igjen for Sahaba, som no er heilt frisk. Sjuåringen skal snart bli åtte, og har ikkje latt seg skremme av hendinga.
No er ho nesten dagleg i bakken på Surnadal alpinsenter.
Mora hennar, Parmila Mushtaq, fortel at Sahaba ville rett tilbake på slalåm i år.
– Det er berre eitt år sidan ho byrja å gå på ski, og ho gler seg til å gjere det, seier ho, og legg til at Sahaba er ei tøff jente.