Ras over E134 i Fjæra i Etne: Kommune og vegvesen har visst om stor rasfare i ti år
Ein ti år gammal rapport viser at ras over europavegen er svært sannsynleg. Likevel fanst det ikkje sikring då steinane dundra ned over Fjæra i helga.
Saka oppsummert:
- Søndag føremiddag gjekk eit stort steinras over E134 i Fjæra i Etne kommune.
- Ingen vart skadde, men to bilar blei knuste og tolv personar vart evakuerte.
- Ein rapport frå Multiconsult vurderte rasfare som svært sannsynleg i 2016.
- Statens vegvesen kjende ikkje til rapporten før NRK sende han over måndag, og ingen sikringstiltak var på plass før raset.
- Vegvesenet har prioritert område med høgare skredfare og vurderte i 2020 at det ikkje var behov for tiltak i Fjæra.
- Ordføraren er letta over at ingen vart skadde, men meiner betre oversikt over rapportar og kunnskapsgrunnlag er viktig.
- Geologar vurderer no terrenget, og Vegvesenet skal vurdera sikringstiltak i framtida.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Søndag føremiddag rasa fleire tusen kubikkmeter stein nedover fjellsida og over europaveg 134 i den vesle bygda Fjæra i Etne.
Steinraset var så kraftig at det slo ut på jordskjelvstasjonar.
I 2016 gjorde Multiconsult ei undersøking for å sjå på skredsikringstiltak i akkurat dette området.
Grunnen var at Fjæra kai skulle omregulerast.
Medan sjølve kaiområdet på nedsida av vegen berre har middels skredfare, viser rapporten frå Multiconsult at ras over E134 er svært sannsynleg.
Dette inneber at det kvart einaste år er minst 1 prosent sannsynleg at det kjem ras over vegen.
Likevel var ingen sikringstiltak på plass.
Tolv personar er evakuerte og to bilar knuste. E134 er stengd til 11. mars.
2016-rapport viste stor rasfare
No kan NRK fortelje at Multiconsult gjennomførte synfaring i området då dei laga rapporten i 2016.
Dei peikar også på at det dei har vurdert er faren for at skred skal kunna nå området med den planlagde bygningsmassen.
«Vi utelukkar dermed ikkje at det kan skje hyppigare hendingar lenger oppe i terrenget», skriv dei.
Dei tilrådde at det bør vurderast å etablera skredbarrierar i form av fanggjerde eller skredvoll.
Det finst eit slikt fanggjerde rundt 100 meter unna, der oppdrettsselskapet Mowi sjølve sikra sin bygning.
Bak Mowi-bygget i Fjæra har dei sett opp eit rassikringsgjerde. E134 går mellom gjerdet og bygget.
Vegvesenet seier at dei ikkje kjende til rapporten
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) opplyser til NRK at kommunen sende over informasjon omrapporten i 2016, men ho kan ikkje seia sikkert at Vegvesenet har fått sjølve rapporten.
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier til NRK at dei ikkje kjende til Multiconsult-rapporten før NRK sende han over måndag.
Han stadfestar at det ikkje er gjort sikringstiltak i området.
– Akkurat punktet der har ikkje hatt den prioriteringa. Då er det andre skredpunkt som har hatt større skredfare som har blitt utført.
Ifølge avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er det andre vegar som har hatt større prioritet i skredsikring.
At området er klassifisert med middels skredfare for busetnad har påverka prioriteringa, fordi dei først og fremst prioriterer det med høg fare når dei skal setja inn tiltak.
I 2020 gjennomførte Vegvesenet sjølve ei stabilitetsvurdering i området etter at ein stein på under ein kubikk vart funnen i området.
Då fann geologane ingen teikn på ferske løsneområde, og Vegvesenet vurderte derfor at det ikkjevar behov for sikringstiltak.
I systemet til Statens vegvesen er området rundt Fjæra klassifisert med låg til middels risiko.
– Det er litt andre krav når det gjeld skredfagleg vurdering for busetnad kontra skredfagleg vurdering for veg.
Etter raset søndag har geologar frå Statens vegvesen vore på plass i Etne for å vurdera terrenget med helikopter.
– Basert på den kunnskapen me får frå geologane, så vil me vurdera tiltak der, seier Finden.
– Kunne gått mykje, mykje verre
Ordføraren er lukkeleg for at ingen blei skadde.
– Dette kunne gått så mykje, mykje verre. Me må trass alt vera takksame for at det gjekk så godt som det gjekk.
Ordføraren tenkjer med gru på kva som kunne skjedd om steinane hadde kome nokre timar seinare.
Ho viser til at det på ein søndag ettermiddag er mykje trafikk med bilar, turistbussar og rutebussar.
Ho er oppteken av å ikkje dela ut skuld.
– Me klarar aldri å sikra heile Vestlandet til kvar tid, men dette var eit veldig alvorleg steinras, seier ordføraren.
Ho trur det ligg potensial i betre oversikt over alle rapportane som blir utarbeidde i norske kommunar og bedrifter.
– Uavhengig kven som har bestilt ein rapport så må essensen i dette vera at me må bruka kunnskapsgrunnlaget som finst til det beste.
Geologar var på staden for å undersøka terrenget måndag.
Ordføraren vil ha dialog
No vil ordføraren ha dialog med Vegvesenet om andre rasutsette punkt langs europavegen.
– Me har seks mil av E134 gjennom Etne kommune. Om me har fleire punkt som er like stor fare for busetnad og trafikantar som dette her. Det ønskjer eg eit svar på frå Vegvesenet.
Ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, er takknemleg for at ingen blei skadde etter raset.