Stor stein knuste vegbana. Fv 569 er stengt. Ny vurdering tysdag
Plus
Fylkesveg 569 er stengt mellom Stamnes og Eidsland etter at ein stor stein natt til laurdag raste ned i vegen og knuste halve vegbana.
I 14-tida laurdag vart det meldt at vegen framleis er stengt.
- Vegen er framleis stengt i påventa av nødvendige sikringstiltak, før utbetring kan bli gjennomført. Det er planlagt å få eit sikringslag på plass i løpet av helga. Ny vurdering av situasjonen vil bli gjort tysdag klokka 10, melder Vegtrafikksentralen.
Busstrafikken er innstilt
Knut Eirik Møster i Modalen Eksingedalen Billag fortel at all busstrafikk er innstilt.
- Eg fekk melding i dag tidleg frå ein av sjåførane våre. Bussen kom ikkje forbi, seier Møster.
Han seier at det har komme ned ein stor stein, som har knust om lag halve vegbana. Også rekkverket på utsida har blitt knust vekk i fleire meters lengde.
- Dette har skjedd ved Storneset, så det gjeld vegen mellom Hesjedalsfossen og Eidsland. Det er smalt på staden, og ikkje mogleg å passera. Eg er redd dette vil ta tid å få fiksa, seier Knut Eirik Møster.
Vegtrafikksentralen opplyste til VP klokka 08.45 av fylksvegen var stengt.
- Den første melding kom klokka 02.42 i natt om at det var rasa ned stein og det var større skader på vegen. Presis Vegdrift har i dag tidleg inspisert staden, og det er bestemt at vegen er stengt. Ein periode var det nok mogleg å komma forbi for mindre bilar, men no er vegen stengt for all ferdsel, seier Albert Sherington ved vegtrafikksentralen.
- Skaden skal vurderast, og ein prøver å få ein geolog til staden, opplyste Sherington.
Omkøyring er lang, og betyr at ein må køyra om Modalen eller over Nesheimsfjellet til Evanger.