Herold

Reisebrev frå ein fersk lirekassemann

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Sindre Sortland Published: 2026-02-28 23:13:57
Reisebrev frå ein fersk lirekassemann

I eit ufyseleg og skiftande vintervêr har kulturskulerektor Sortland vore på ekskursjon til Levanger. Oppdraget var å hente Brøkjen si lirekasse etter reparasjon tilbake til Dale. Her er Sortland sitt reisebrev:

Slike lirekasser blir gjerne kalla dreiepositiv, så eg døyper det Brøkjen-positivet. Reparatøren viste seg å vere ein utruleg artig kar, full av evner, kunnskap og gode historier. Han samlar på, restaurerer og lager ulike tangentinstrument, og dei bør helst ha ei god historie. Etter demonstrasjon av fantastiske instrument, fletta saman med historia til kvart instrument, måtte eg fortelje alt det eg visste om Brøkjen-positivet. Eg har inntrykk av at historieforteljinga var ein del av betalinga for tenestene, eller i alle fall like viktig.

Men vent no litt, kven var Brøkjen, og korleis hamna Brøkjen-positivet i Levanger? Eg må spole litt tilbake.

Ein taus original

Hovudkjelda mi om Johannes Brudvik (Brøkjen) er Ole Petter Lien, både frå boka om Dale Fabrikker og frå samtale.

Det er kjend at Johannes disponerte ei lirekasse, og denne brukte han i gata, mellom anna på lønningsdag. Det står «Frati&Co Berlin» på lirekassa, og kanskje var det fabrikkeigaren Jebsen som skaffa den.

Johannes hadde neppe internasjonale kontaktar. Etter eit langt liv hamna han på gamleheimen i 1935, og han blei 85 år. Etter det er soga om positivet uklår, og det har nok flytta mellom ulike lagerrom. Når var det sist var tonar å høyre frå det? Var det spelbart etter Johannes gjekk ut av tida? Me kan gjette at det er minst 75 år sidan det kom melodiar frå lirekassa.

Johannes var nok ein original, ein taus type litt på utsida av det sosiale, og eg synest Brøkjen-positivet representerer noko flott i lokalhistoria. Det var eit samfunn med plass for alle.

Fann kassa på Dale gamleheim

Etter å ha snoka rundt på Dale etter lirekassa i fleire år, gjekk eg for to år sidan rett på Brøkjen-positivet der det stod utstilt i gangen på Dale gamleheim. Så vidt balansert på stativet saman med både sveiv og eit foto av Johannes Brudvik.

Det var tydeleg ikkje i orden, men eg plukka det med meg med ein draum og eit håp om å la det synge sine gamle melodiar medan framleis nokon hugsar å ha høyrd det. Me var seint ute, så eg hoppa bukk over økonomiske avklaringar. Eg fekk leggje ut og satse på å hente det inn på sikt. Det berre måtte gjerast.

Orgelbyggar Fiskvik

Internett er kjekt, og eg hadde fleire korrespondansar med fagekspertise i inn- og utland. Etter kvart peika pilane mot Levanger og orgelbyggar Jann-Magnar Fiskvik. Han har restaurert fleire dreiepositiv, m.a. for Ringve Museum, og på telefon var han interessert i både historia og å hjelpe.

Han hadde det litt travelt, og heldigvis visste eg for lite om han. Elles hadde eg ikkje våga å ta kontakt. Dermed sendte eg det tydeleg defekte tannhjulet til Levanger. Han konstruerte eit nytt tannhjul, men meinte skadane på tannhjulet tyda på fleire problem. Kunne eg komme til Levanger med Brøkjen-positivet?

Med bagasjerommet fullt av lirekasse

Det er ikkje så lett å ta ein svipptur til Levanger og forkle det som familieferie med bagasjerommet fullt av lirekasse, og det vart oktober 2025 før eg såg ei opning.

Lirekassa reiste med meg til Norsk Kornølfestival i Nordfjord og fekk haik til Trøndelag med ein velvillig tradisjonsbryggar frå Stjørdal. Etter snart fekk eg ein telefon om å hente. Det var ikkje ideelt i førjulstida, og lirekasse er ein kompliserande faktor på reise, men eg forstod det var ønskeleg at det skjedde før jul. Bil på grisete vinterføre var utelukka, men fly opp og tog tilbake kunne gå.

Tusenkunstnaren

Frå tid til annan har eg fått kommentaren «Du er ein skikkeleg Reodor Felgen», men døgnet i Levanger var eg redusert til ein blanding av Ludvig og Solan, i selskap med ein heilt ekte Reodor. Forutan å kunne restaurere lirekasse er Jann-Magnar ein orgelbyggar av rang og er styreleiar og kunstnarleg leiar i landets eldste orgelbyggeri, «Brødrene Torkidsen». Gjennom det firmaet har han ei rekkje fantastiske instrument på CV-en med kororgelet i Nidarosdomen er eitt av dei mest prestisjetunge.

I kjellaren har han eit heilt orgelmakeri, for å kunne ha «heimekontor». Ein orgelbyggar er ein ekte tusenkunstnar. Ja, det er muligens fleire tusen kunstar som skal til for å byggje eit kyrkjeorgel frå botnen av. Han lærte meg litt av det eg burde vite om Brøkjen-positivet, og det var eit eventyr av eit døgn. Det var ein slik augneblink eg tenkjer: «Her burde nokon lage dokumentarfilm.» Med ein slik læremeister veit eg kanskje meir om vedlikehald og reparasjon av det gamle klenodiet enn Brøkjen sjølv gjorde.

Lirekassa til Brøkjen

Å bli ein lirekassemann

Den tradisjonelle reisemåten for lirekassemenn er til fots eller å haike. Det handla sjølvsagt om økonomi, men i ei moderne verd er det òg omsyn å ta på reise. I løpet av reisa måtte eg tilpasse meg situasjonen; eg måtte tenkje som ein lirekassemann – eg måtte bli ein lirekassemann.

Eg såg på foto av Brøkjen. Skjegget var i det minste på plass. Den indre transformasjonen starta med ein time til fots då flyet landa på Værnes, og innkjøp av sekketralle, presenning og lastestropp på Biltema. Returen var planlagt med tog via Oslo. Sidan det ikkje går nattog på laurdagen måtte eg på legd ei natt hjå slekt på eit gardsbruk. Det hadde høvd til rolla å sove på låven, i hønsehuset eller i stallen med hestane, men eg fekk både seng og niste.

På toget fekk eg sitjeplass og slapp ei trekkfull godsvogn. Ein feber og begynnande influensa gjorde reisa litt slitsam, men slikt må ein lirekassemann tole.

Tankar på starten av ei 15-timars togreise

Tenk å kunne spele dei programmerte melodiane, likt som for 100 år sidan? Det er ein fin måte å kople seg på historia. På toget sit eg og gler meg til å ferdigstille prosjektet og vitje både helsehuset på Dale og Vaksdal sjukeheim. Me kan lage eit musikalsk samarbeidsprosjekt kring Brøkjen-positivet.

Etter den kulturhistoriske redningsaksjonen håpar eg å få disponere Brøkjen-positivet i periodar til konsertar, foredrag i og utanfor kommunen. Ei veldig positiv Dale-historie.

Men eg kjenner òg bekymring for oppbevaring og vedlikehald, og det neste dokumentet mitt på toget får tittelen «brukarmanual for Brøkjen-positivet» der ansvar og mynde blir plassert hjå kulturskulen sin rektor.

Sindre Sortland

🏷️ Extracted Entities (23)

Dale Fabrikker (person) Johannes Brudvik Brøkjen (person) Levanger (entity) Sindre Sortland (person) Jann-Magnar Fiskvik (organization) Biltema (entity) Brødrene Torkidsen (entity) CV (entity) Jebsen (entity) Ludvig (entity) Nidarosdomen (entity) Nordfjord (place) Norsk Kornølfestival (organization) Ole Petter Lien (person) Orgelbyggar Fiskvik (person) Oslo (place) Reodor (entity) Ringve Museum (organization) Solan (entity) Stjørdal (place) Trøndelag (entity) Vaksdal (place) Værnes (place)