NTE, atomkraft og konsulentbruk
Kommunestyret i Levanger behandla eigarmelding om NTE på siste møte. Der vart det gjort ein del vedtak SV var i mot. SV gjekk imot Senterpartiet sitt forslag om kraftproduksjon basert på kjernekraft. Vi veit ikkje om atomkraft er sikkert, det som er sikkert er at det er eit svært kostbart å bygga ut.
SV gjekk også imot Senterpartiet sitt forslag om at «fagmiljø utenfor NTE» skal leiast inn for å finna ut kva utbytte frå NTE skal brukas til i kommunen. Det må kommunestyret sjøl bestemma utan å leia inn konsulentar utanfrå med timelønn på 5.000–10.000 kr!
SV kunne heller ikkje gå med på forslaget frå Karlsen i Rødt om at krafta NTE skapar «i størst mulig grad» skal brukast i gamle Nord-Trøndelag fylke. Størstedelen av NTE sin kraftprodukjsjon er i Nord-Norge. Det er ikkje SV sitt syn at Nord-Norge skal enda opp med å med «i størst mulig grad» å senda krafta ut av landsdelen, slik Lars Einar Karlsen i Rødt fekk fleirtalet i kommunestyret til å vedta.. Ein annan sak er at det ikkje er NTE som står for salget av krafta, og at forslaget frå Karlsen derfor er utan meining.