Herold

«Frua til Rosendal»: – Ei av dei mest fasinerande kvinnene i norsk historie

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Jonn Karl Sætre Published: 2026-03-02 05:00:00
«Frua til Rosendal»: – Ei av dei mest fasinerande kvinnene i norsk historie

Laurdag 7. mars kjem tysnesingen Knut Rage til biblioteket på Husnes for å halda føredrag om Karen Mowat og slekta hennar.

Forfattaren og lokalhistorikaren Rage vil presentera boka «Karen Mowat og hennar slekt». Ifølge ei pressemelding frå biblioteket løftar boka fram ei av dei mest fasinerande kvinnene i norsk historie:

«Karen Mowat, ofte omtalt som «frua til Rosendal», var ei kvinne med røter i både norsk og skotsk overklasse. Det store arvegodset hennar la grunnlaget for det som seinare vart Baroniet Rosendal, men ho sjølv fekk aldri oppleva opphøginga. Livet hennar var prega av store økonomiske utfordringar og uvanleg handlekraft – særleg for ei kvinne på 1600-talet».

I føredraget vil Rage belysa Karen Mowat sitt liv og virke frå eit feministisk perspektiv, og setja henne inn i ein breiare kontekst av kvinneskikkelsar frå Vestlandet på same tid, lovar pressemeldinga.

Boka om Karen Mowat er òg ein del av eit større lokalhistorisk bokprosjekt der Rage dokumenterer historiske kvinneskikkelsar med tilknyting til Tysnes – eit viktig arbeid for å løfta fram nye forteljingar om kvinner som har forma regionen vår.

🏷️ Extracted Entities (7)

Knut Rage (person) Frua til Rosendal (entity) Karen Mowat (person) Baroniet Rosendal (person) Husnes (place) Tysnes (place) Vestlandet (entity)