Overraskande fossilfunn i Steinparken
Plus
Kven hadde trudd at Steinparken var full av forhistoriske dyr, ammonittar, søyleblekksprutar, armfotingar og trilobittar? I alle fall møtte det opp spente fossilutgravarar i mengder med store forventingar på familiedagen fredag 27. februar.
Venelaget stilte opp som alltid, og hadde hendene fulle. For ein gjeng desse er, eit smilande og hjelpsamt vertskap og flotte ambassadørar for Steinparken. Små og store hadde det bra og oppmøtet var over all forventing. Rundt grillpanna gjekk praten lett og alle pølsene var plutseleg borte.
I Steinparken har vi omtanke for fuglane, og meisbollar vart produsert i mengder. I snikkeriet var det travelt med snikring av fuglehus og spikking av giftfrie steikespadar og smørknivar. I fossil- og skattegropa ville det ingen ende ta, og etter 40 utgravingar måtte vi setja strek, lageret var tømt for fossil og andre skattar, aventurin, rosenkvarts, bergkrystall, tigerauga, sodalitt, ametyst og «gull». Eventyrstunda til Vibeke engasjerte små og store, vi fekk vita kvifor bjørnen har så kort hale, og det vart ei oppleving å ta med seg heim.
Men minst like viktig for Steinparken som skal vera eit formidlingspunkt: Folk engasjerte seg med innleving i spørsmål om natur og kultur. Kor tid vart den siste bjørnen skoten i området? Var Nils Hertzberg ein tysk hjartespesialist? Kven var Lul Krag og kven var Christoffer Rustung? Alle arka med inne- og utequiz forsvann som dogg for sola, og alle som deltok fekk velja ein smykkestein som premie.
Veldig kjekt med så mange nye fjes frå alle kantar av kommunen!
Takk til venelaget, som leverer gode opplevingar til mange, og takk til alle gjestene som kom og delte denne dagen, og innimellom måtte venta litt på tur for servering og fossilgraving. Takk også til Bente i Frivillegsentralen som inviterte til dette flotte samarbeidet.