Janne opnar nytt treningssenter: – Vi kan ikkje berre reparera, vi må førebygga
Plus
Janne Hjønnevåg opnar Feelgood-senter på Husnes i mai.
Etter 24 år som sjukepleiar har Janne Hjønnevåg sett kva som skjer når kroppen sviktar og kvardagen blir for tung. No opnar ho treningssenter på Husnes med fokus på førebygging, meistring og betre folkehelse.
– Helsetenesta er pressa. Vi manglar folk og behova aukar. Då kan vi ikkje berre reparera, vi må førebygga. For meg handlar dette om å gi folk fleire gode år heime, seier Hjønnevåg i ei pressemelding.
Til fleire
Feelgood er eit folkehelsekonsept som baserer seg på tolv motoriserte treningsapparat, med fokus på at fysisk aktivitet skal vera noko alle meistrar.
Janne Hjønnevåg vart kjend med desse apparata på Rosendalstunet.
– Eg høyrde at brukarane snakka om kor kjekke dei var. Dei likte treninga, dei følte seg trygge og dei kjente at det gjorde godt. Då tenkte eg at dette må fleire få tilgang til, seier Janne og held fram:
– Mange treng bevegelse, men dei treng ikkje nødvendigvis hard opptrening eller kompliserte treningsprogram. Eg opplever Feelgood som den manglande brikka, ein trygg og enkel måte å halda kroppen ved like på.
Opnar i mai
Den norske treningssenterkjeda Feelgood er ti år gamal og har i dag 80 senter over heile landet. Det er 12 motoriserte apparat, der ein runde gjennom alle tar rundt 40 minutt.
– Her vel du sjølv om du vil trena aktivt og ta i, eller passivt der apparatet beveger kroppen for deg, seier Hjønnevåg og held fram:
– Du kan ikkje gjera feil. Kjenner du ubehag så trykker du på ein knapp og apparatet stoppar. Det gjer at du kan møta opp sjølv på ein dag som ikkje er heilt topp. All bevegelse er god bevegelse, seier Janne, som opnar opp i Lonavegen på Husnes i mai.
Men det er ikkje berre trening som står i fokus for Janne.
– Det sit mange eldre einsame heime. Difor ønsker eg at dette også skal vera ein sosial møteplass. Vi lagar ein kaffikrok, ein plass der du kan slå av ein prat før eller etter trening. Kanskje bryta litt av einsemda, seier ho.
Gler seg
Det er heller ikkje berre for den eldre garde, Janne meiner dette også passar for alle som synest det er vanskeleg å koma i gang.
– For dei som ikkje føler dei passar inn i eit tradisjonelt treningssenter og for dei som vil bevega seg meir, men ikkje heilt vågar. Det er ein trygg og effektiv måte å trena på, og du vil merka forskjell allereie etter nokre gonger, seier ho og held fram:
– Eg håpar treningssenteret kan bidra til betre folkehelse og meir livsmeistring. Om fleire held seg sterke og aktive lenger, gagnar det både den enkelte og samfunnet. Det gir meir livskvalitet og mindre press på helsetenestene.
Janne fortel at ho gler seg til setja i gang, og seier at det allereie no er mogleg å melda si interesse.
– Ein kan melda seg for gratis prøvetime allereie. Dei som er interesserte kan berre ta kontakt med meg, seier ho til Kvinnheringen.
Korte snuttar