Negativt samarbeid
Plus
Samarbeid er til vanleg basert på gjensidig tillit og forståing mellom to eller fleire partar, oftast til sams nytte. Men samarbeid treng ikkje alltid vera basert på venskap eller sams goder. Me kan vera ein del av eit økonomisk eller politisk system som tvingar oss til å gjera handlingar som me eigentleg er usamde i. Slik at samarbeidet reduserer våre kvalitetar på ulike måtar . Det kan vera eit organisatorisk samarbeid der ein må godta og vera med på handlingar ein er usamd i. Dette er uttrykk for negativt samarbeid.
Eg vil gje to døme på dette. Fyrst om å "verna" natur. Dei fleste land er samde om å verna natur, uttrykt i t.d. å stansa utslepp av CO2, og å ta vare på dyrka mark og på dyreliv og deira livsområde. Døme på dette er «Bernkonvensjonen om dyrs rettigheter». Likevel går talet på ville dyr, ville fuglar, insekter dramatisk til bake over alt i verda. Og CO2mengda i lufta stig.
Ingen har planlagt å redusera gode dyrkbare rel evt. utrydda livsformer i naturen. Denne ikkje-planlagte reduksjon/øydelegginga er eit resultat av eit umedvete, internasjonalt negativt samarbeid der naturen sin livsverdi kolliderer med vår bruksverdi.
Eit av dei få landa som tar sameksistensen menneske-natur alvorleg, er Bhutan. Det tar sikte på bli eit gjennomført økologisk kultur-natur land, noko som er i samsvar med deira buddhistiske filosofi/ religion. Her i landet sa Arne Næss at den økologiske tankegangen måtte bli ein del av kristendommen om ein slik økologisk balanse skulle bli viktig for oss.
Sidan negativt samarbeid er umedvete, vil resultatet vera at ein får det ein ikkje vil ha. Og av same grunn er dette samarbeidet svært vanskeleg å endra. (Lokalt kan eg visa til Bømo-saka).
Eit anna døme er krig, aktuelt i Ukraina-krigen. Stormaktene Russland og NATO er usamde og den eine parten går til krig. Krig er ei handling mellom fleire partar og krigen krev eit godt negativt samarbeid for å koma i stand, med ikkje- forståing, mistillit og ikkje-forhandling. I Ukraina fører det negative samarbeidet til at landet og landskapet blir øydelagd, knust, at livsformer av alle slag døyr, at kultur blir øydelagd ved at partane gjensidig demoniserar kvarandre og bygger opp angst og frykt for å driva krigen vidare.
På den andre sida har landa i Ukraina-krigen ein ting sams: Bibelen. Der det - hos begge partar - m.a. står om å elska nesten som deg sjølv, om å venda det andre kinnet til osv. Og hos begge partar finst det idear om humanistiske verdiar og menneskerettar.
I det negative samarbeidet er partane fanga i eit umedvite spel der dei trakkar på sine eigne verdiar og på felles verdiar i den tru at ein skal vinna. Det negative samarbeidet garanterer at krigen varer lengst mogleg. Partane er heilt einige om at det er motparten som har skulda og som er farleg. Og så lenge denne semja rår, er det ingen grunn til å avslutta krigen.
Spørsmålet er: kven greier å bryte dette hypnotiske spelet? Statsleiarar greier det ikkje? Kan folk flest greia å legga av seg dette åket? Eller skal me venta på at leiarane i Europas aust og vest i sitt negative samarbeid blir samde om å utvida krigen?
Skifer, streik og kjærleik – bli med til Hedleberget!
Lyrikar fekk kulturprisen for 2019
Historien som våpen – og hva Norge og Nato overser i møte med Russland