Svar til Thor Erling Larsen: Kva kan eg bidra med som rektor?
Plus
Thor Erling Larsen utfordrar skuleleiarane til Ä vera meir konkrete. Dette er eit forsÞk pÄ Ä plukka opp den hansken. Fyrst vil eg understreka at eg ikkje har drÞfta dette svaret i rektorgruppa. Dette er mine eigne refleksjonar som enkeltrektor.
Tillit til forarbeidet
FÞrst vil ei seia at eg har hÞg tillit til forarbeidet som er gjort av oppvekstadministrasjonen. Der har skuleleiarane hatt store og reelle bidrag inn i arbeidet, bÄde med analysar og vurderingar. Dette arbeidet har fÞregÄtt over lang tid, og det faglege grunnlaget som ligg fÞre, er grundig og gjennomarbeidd. Det gode arbeidet er fleire gongar trekt fram frÄ talarstolen i heradsstyret. At det politiske vedtaket i hovudsak ikkje har fÞlgt administrasjonen si tilrÄding, endrar ikkje pÄ kvaliteten pÄ det faglege arbeidet som er gjort.
Me lever ikkje i eit teknokrati
Me lever ikkje i eit teknokrati der fagpersonar styrer struktur og Ăžkonomi. Det skal me heller ikkje gjera. Det er politikarane som har fĂ„tt mandatet til Ă„ prioritera, vurdera heilskap og fatta vedtak pĂ„ vegner av fellesskapet. Som rektor sit eg samstundes i ei dobbeltrolle. Eg skal vera lojal mot politiske vedtak, men eg har ĂČg eit sjĂžlvstendig fagleg ansvar for Ă„ seia frĂ„ dersom rammene ikkje gjer det mogleg Ă„ driva forsvarleg. Det er ein krevjande balansegang.
Prosess og dialog
I denne saka er eg kritisk til prosessen i heradsstyret. Som Benedicte Kragh og Tommy Aarethun peikar pÄ, kom heilskapen i fleirtalet sitt framlegg svÊrt seint i mÞtet, og vedtaket inneheldt grep utan tilstrekkeleg utgreiing og Þkonomisk inndekning. Hamre og Elvatun har nyansert vurderingane i ettertid, men det endrar ikkje hovudinntrykket av at dette var ein for rask prosess.
NĂ„r oppvekstsektoren har arbeidd grundig med dette over lang tid, er det uheldig om sentrale endringar vert avgjorde â utan at konsekvensar og Ăžkonomi er godt nok belyste. I ei sak som rĂžrer elevar, tilsette, foreldre og bygder, mĂ„ prosessen vera sĂ„ ryddig og fĂžreseieleg som mogleg.
Dette handlar ikkje om kven som bestemmer â men om at avgjerdene skal stĂ„ seg over tid.
Eg Þnskjer ein tett og open dialog mellom politisk nivÄ og skuleleiarane i slike saker. MÄlet er ikkje at me skal overta politiske vurderingar, men at politikarane skal ha best mogleg fagleg grunnlag nÄr dei skal fatta avgjerder.
Skule er eit komplekst samfunnsoppdrag. Ăkonomi og struktur heng tett saman med pedagogikk, bemanning, elevmiljĂž og langsiktige konsekvensar for lokalsamfunn. Me som stĂ„r i skulekvardagen kvar dag sit med erfaringar og kunnskap som kan bidra til Ă„ belysa desse samanhengane.
God og tidleg informasjonsdeling styrkjer det politiske handlingsrommet â ikkje svekkjer det. Til slutt er det politikarane som bestemmer, men dei bĂžr fĂ„ det best mogleg opplyste grunnlaget Ă„ bestemma pĂ„.
Kva meiner eg konkret?
NĂ„r me har uttalt at «noko mĂ„ skje», har det ikkje vore for Ă„ vera diffuse. Det har vore fordi eg meiner me mĂ„ sjĂ„ heilskapleg pĂ„ strukturen â ikkje berre peika pĂ„ Ă©in skule eller Ă©i grend isolert.
Eg kan ogsĂ„ vere tydeleg pĂ„ dette: Eg meiner det kan vera rett med fĂŠrre einingar dersom det gjev meir robuste fagmiljĂž og betre kvalitet over tid. For meg er det ikkje talet pĂ„ bygg som er avgjerande â det er om me har kompetanse, kapasitet og rammer til Ă„ gi elevane det tilbodet dei har krav pĂ„.
Utfordringa er ikkje berre Ăžkonomi. Ho er tredelt:
- Innsparingskrav som svarar til mange Ärsverk
- Ein rekrutteringssituasjon som har endra seg dramatisk
- Aukande behov for spesialpedagogisk kompetanse og tett oppfĂžlging
For meg handlar struktur om moglegheita me har til Ă„ driva ein skule med kvalitet.
Det er ogsĂ„ viktig Ă„ presisera at administrasjonen sitt framlegg i seg sjĂžlv ikkje gav direkte Ăžkonomiske innsparingar pĂ„ kort sikt. Strukturendringar kostar ofte pengar fĂžr dei eventuelt sparer pengar. Innsparing er ikkje eit mĂ„l i seg sjĂžlv â kvalitet er mĂ„let. Difor mĂ„ strukturgrep vurderast ut frĂ„ kva dei betyr for kvalitet over tid.
Eg meiner me mÄ:
- Byggja meir robuste fagmiljĂž
- Redusera sÄrbarheita i smÄ einingar
- Flytta ressursar frÄ struktur og administrasjon til undervisning
- Sikra at eventuelle innsparingstiltak faktisk gjev reell og langsiktig effekt
Eg meiner dagens struktur gjer oss meir sÄrbare enn berekraftige.
Har tidlegare nedleggingar lĂžyst alt?
Nei. Struktur skaper ikkje kvalitet Ă„leine. Men utan ein berekraftig struktur no, vil me fĂ„ ein gradvis svekt kvalitet â fordi me manglar folk og fordi rammene vert trongare.
Samtidig trur eg ikkje mange vil hevda at strukturen frĂ„ 90-talet var berekraftig slik han stod. Endringar i struktur kan vera bĂ„de rette og naudsynte â ogsĂ„ nĂ„r dei er krevjande.
Me kan heller ikkje ha strukturdebattar for ofte. Dette er opprivande prosessar som rÞrer ved elevar, tilsette, foreldre og heile bygdesamfunn. Slike debattar skaper uro og tek energi. Difor bÞr me, nÄr me fÞrst tek dei, nytte hÞvet til Ä gjera endringar som stÄr seg over tid.
Kva kan og bĂžr eg som rektor bidra med?
- Faglege vurderingar av kva som er forsvarleg drift
- Openheit om konsekvensar
- Lojal gjennomfĂžring av politiske vedtak
- Ei tydeleg stemme nÄr eg meiner elevane sine interesser stÄr pÄ spel
Eg kan ogsĂ„ bidra med Ă„ fĂžrebu eiga personalgruppe pĂ„ endring â dersom det kjem vedtak som krev det.
Men me rektorar kan ikkje Äleine teikna nytt skulekart for Voss.
Til slutt
Eg har stor forstĂ„ing for at skulane betyr mykje for mange. Endring er vond og vanskeleg. Men det som styrer meg i denne saka, er elevane si rett til god opplĂŠring â ogsĂ„ om fem, ti og tjue Ă„r.
Det ansvaret tek me som skuleleiarar pÄ alvor, kvar dag.
Kva kan skuleleiargruppa bidra med?
No ropar rektorane varsku: â Dette er krise, fyrst og fremst for elevane
Medan ein ventar vert handlingsrommet stadig mindre
Heile heradet skal med i skule-og barnehagelĂžysinga