Stoppa bil etter observasjonar
Plus
Bergensmannen er mistenkt for ruskøyring, men fekk behalda førarkortet etter å ha blitt stoppa på E16.
Like før klokka 16 laurdag stoppa og kontrollerte politiet eit køyretøy på E16 ved Vinje.
– Det vart gjort basert på observasjonar av køyringa, seier Bjørn Inge Aarsand ved Voss politistasjon.
Sjåføren, ein mann i 40-åra som er busett i bergensområdet, vart teken med til legevakta for blodprøve.
Han er mistenkt for ruskøyring.
Mannen får inntil vidare behalda førarkortet sitt, men politiet har oppretta sak og etterforskar vidare.
Har du fått med deg desse? (reelskarusell)
🏷️ Extracted Entities (4)
E16
(entity)
Bjørn Inge Aarsand
(person)
Vinje
(entity)
Voss
(entity)