Herold

Overser soleklare vedtak?

Plus
Kilde: HF Author: Einar Lutro Published: 2026-03-02 23:14:00
Overser soleklare vedtak?

I HF den 27.02 har Knut Opedal eit lesarinnlegg med overskrift «Overser soleklare vedtak». Kva soleklare vedtak som er oversett, syner han ikkje til. Men av innhaldet i innlegget må vi gå ut frå at det gjeld aust-vest trafikk.

Det eg kjenner til i den samanheng, er det såkalte funksjonsvedtaket som vart vedteke i NTP 2018-2029 og lyder:

13.2.7 Korridor 5: Oslo-Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

Korridorens rolle og betydning i transportsystemetTransportkorridoren fra Oslo til Bergen og Haugesund omfatter fem alternative øst-vest vegtraseer: E 16 via Lærdal, fv 50 Hol-Aurland, rv 52 Hemsedalsfjell, rv 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell. E 134 benyttes hovedsakelig for transport mellom Oslo og Haugesundsområdet, mens rv 52 er vanligst valg for tungtransport mellom Oslo og Bergen. Rv 7 er den korteste vegen mellom Bergen og Oslo og særleg viktig i reiselivssammenheng. E16 har den beste vinterregulariteten.

Avisa Hallingdølen kommenterte dette på leiarplass der dei mellom anna skriv:

For eit år sidan (2017) gjekk debatten om val av hovudvegar mellom aust og vest. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ville i utgangspunktet prioritere ein veg, men opna etterkvart for å satse på fleire. I innspurten handla det om rv 7 Hardangervidda eller rv 52 Hemsedalsfjellet, i tillegg til E134 over Haukelifjell. I mars 2017 vart det kjent at regjeringa valde både rv 7 og rv 52, med vekt på tungtrafikk over Hemsedalsfjellet og persontrafikk over Hardangervidda. For Hallingdal var dette ein god konklusjon. Det samsvara med det regionen hadde kjempa for undervegs, nemleg rv 7 og rv 52 som to sidestilte og prioriterte hovudvegar.

Dette fortel oss at regjeringa gjorde rett i å satse både på rv 7 og rv 52 i tillegg til E 134.Vegane er livsnerven for kvar sine distrikt, og dermed like viktige. Gode og stabile kommunikasjonar er avgjerande for både privatpersonar og næringslivet. Det er dei tre valde hovudvegane som har den største trafikken. Og det er Hallingdal med sine tre fjellovergangar som har den desidert største trafikken totalt sett. Dei fleste som køyrer mellom aust og vest vel ein veg gjennom Hallingdal.

På heimesida til Hardangerviddatunnelene er oppdaterte trafikkdata slik:

Trafikken på rv 7 Hardangervidda aukar og aukar

Årsdøgntrafikken for 2025 målt ved Leiro trafikkstasjon viser at det gjennomsnittleg dagleg går 1705 køyretøy på rv 7. Dei fleste går vidare over Hardangervidda. Av desse er 99 tunge køyretøy (over 12,5 m). Frå Hardagerbrua opna i 2013 har trafikken over Vidda dobla seg og har auka med omlag 10 % i året. Trafikken over Hardangervidda er om nokre år like stor som trafikken over Haukelifjellet. Dette må få konsekvensar for prioriteringa av vegmidlar. Rv 7 er verstingen med kolonnekøyring og stenging og treng tunnelar for trygg og sikker transport for reiseliv og personar. Taka på tunnelane er nødvendige overgangar for villreinen til nødvendige beiteområdet opp mot Hardangerjøkulen. Utbygginga av tunnelar på Hardangervidda er like viktig for trafikantane som utbygging på E 134.

Andre fjellovergangar hadde slike tal: Haukelifjell: E 134 ved Vågslitunnelen gjennomsnittleg 1991 køyretøy og av desse 213 tunge. Filefjell og rv 52 Hemsedalsfjellet: E 16 ved Borlaugtunnelen hadde 2449 køyretøy og av desse 363 tunge.

Ellers vil eg oppmoda om gjensidig støtte til alle fjellovergangane i staden for å motarbeida kvarandre. Det vil ikkje distriktet og landsdelen tena på.

🏷️ Extracted Entities (27)

Hardangervidda (entity) Oslo (place) Bergen (entity) Hemsedalsfjellet (entity) E134 (entity) Hallingdal (place) Haukelifjell (entity) Avisa Hallingdølen (person) Borlaugtunnelen (entity) E Vegane (person) Frå Hardagerbrua (person) Hardangerjøkulen (entity) Hardangerviddatunnelene (entity) Haugesund (place) Haugesundsområdet (entity) Haukelifjellet (entity) Hemsedalsfjell (entity) Hol-Aurland (place) Knut Opedal (person) Korridor (entity) Leiro (entity) Lærdal (place) NTP (entity) Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (organization) Sogn (entity) Vidda (entity) Vågslitunnelen (entity)