Elias Eide – Når grunnlaget er feil, blir konklusjonen det også
Plus
Aller først; Takk til Elias Eide for den rosen han gjev til fleirtalskoalisjonen frå Sp, Ap, KrF, MDG, SV og V for god styring av Vestland fylkeskommune etter samanslåinga.
Eg meiner også at Sogn og Fjordane, til liks med Hordaland, har kome godt ut av samanslåinga til eitt fylke.
Men den noko skeive framstillinga som Eide gjev i innlegget sitt, må korrigerast litt.
For ein kan ikkje berre nullstille frå samanslåingstidspunktet. Det var nemleg svært ulik økonomi i fylka, der Sogn og Fjordane hadde pengar til å investere for, medan Hordaland ikkje hadde det. Sogn og Fjordane hadde også ferdige planar, og tiltak som låg i økonomiplanen.
Så skal rett vere rett; hadde ein gjennomført alle desse planane, så ville nok gjelda blitt høgare enn ein kunne klare utan store kutt i drifta.
Samferdsel:
Det er ikkje rett at fylket ikkje er inne med midlar til større prosjekt i gamle Hordaland. Ca. 640 mill. av fylkeskommunale midlar går inn i 4 av bompengepakkane, i tillegg til kr 338 mill. i rasmidlar til Kvinnheradspakken, og 270 mill. pr. år til Bypakke Bergen/Byvekstavtalen. Dei tre neste store prosjekta som ligg i gjeldande økonomiplan er alle i Hordaland; viktige prosjekt som rassikring av Tokagjelet og mellom Pollane (begge Fv 49) og ny bru over Alverstraumen. Grunnen til at skredprosjekta ikkje er påbyrja er at dei ikkje er ferdig regulerte.
Det er fleire av dei planlagde prosjekta i Sogn og Fjordane som er strokne eller utsett i lang tid. Kystvegen er eitt eksempel. Eit anna kan bli bru over Esefjorden, som er godkjent som eit viktig rassikringsprosjekt. Og på drifta var det i økonomiplanen ved samanslåinga sett av midlar til auka driftskostnadar med nytt og betre klimatilpassa hurtigbåtanbod. Det er også utsett og pengane sjølvsagt gått inn i felles drift.
Vi gler oss over at viktige ferjeavløysingsprosjekt, som også låg i økonomiplanen i 2019, no er igangsett. Og det same med rassikringa forbi Heilevang.
Dette viser kanskje litt av grunnen til at Vestland lukkast; fylkestinget har vist vilje til å også geografisk ha ei god prioritering og vilje til å utvikle.
Når det gjeld pris på kollektiv, så er det heilt klart ein fordel for mange brukarar at sonebillett vart innført i Sogn og Fjordane (SFj) også. Men her må ein vere klar over at mykje av kollektivtransporten langs hovudlinjene i SFj er køyrd av private selskap, og då får ein ikkje fylkeskommunal pris.
Vidaregåande skule
Investeringane er også her prøvt å spreiast utover heile fylket, der det trengst mest. Elevtalsauken følger demografiutviklinga og er størst i sentrale strok, derfor vil vi frametter sjå ei større satsing rundt og i Bergen, der både Åsane og Askøy vgs. har fått nye bygg, Stord og Kvam vart nett opna og neste år er tilbygga på Langhaugen klare. Sotra, Årstad, Slåtthaug, Os og Laksevåg, saman med Austrheim, ligg med små og store løyvingar i økonomiplanen.
Det er svært gledeleg at fylket satsar på vidaregåande skule. Og i SFj blir det også satsa med opprusting og tilbygg fleire stader.
Å snakke om kostnad pr. elev pr. skule er eigentleg berre leik med tal. Men det vil ein nok kome attende til når eventuelt ny fordelingsmodell for finansiering av vidaregåande skule (vgs.) skal behandlast. For KrF er det grunnleggande å ha ein modell som ikkje berre tenkjer mest mogleg effektiv drift, men også ivaretar at flest mogleg slepp å flytte på hybel eller få svært lang reiseveg til næraste skule.
Det som også er viktig å arbeide med er korleis vi får flest mogleg elevar gjennom vgs. og ut i arbeidslivet eller i høgare utdanning. Som tidlegare leiar i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) ser eg at det var stor skilnad på korleis vgs. var løyst for denne gruppa, og at nok Hordaland hang att litt i det ein kan kalle «spesialskule»-metoden. Både med påtrykk frå organisasjonar, foreldre, politikarar og ikkje minst nye lovkrav, er det no klart at alle elevar skal tilhøyre ei klasse og få tilpassa opplæring. Vestland fylkeskommune har framleis ein veg å gå for korleis ein skal integrere på best mogleg måte.
Vestland fylke har gode skular, som også er «lokalkontora» til fylket rundt om. Styrka samarbeid på tvers, både med kultur og næring, gjev gode resultat.
Sogn og Fjordane er vinnaren