Herold

Er det vilje til samarbeid om familiepolitikk og tregare fart pÄ hamsterhjulet?

Plus
Kilde: Firda Author: Trude Brosvik, gruppeleiar, Vestland KrF Published: 2026-03-02 10:53:21
Er det vilje til samarbeid om familiepolitikk og tregare fart pÄ hamsterhjulet?

Eg vart optimistisk dÄ eg fekk sÄg FÞdselsutvalet sin rapport og framlegg til kva og korleis samfunnet kan legge betre til rette for at folk kan fÄ fleire born. Eller rettare sagt, fÄ sÄ mange born som dei eigentleg Þnskjer seg.

Og sÄ vart eg litt trist dÄ eg hÞyrde Familieministeren sin fÞrste reaksjon; «Det er viktig med heildagsskule», og ei sterk understreking av at ein ikkje ville tilbake til gamle kjÞnnsroller.

Nei, kven vil vel det?

Men betyr det at ein ikkje vil gÄ inn pÄ tiltak som blir tilrÄdd, som ogsÄ inneber mindre jobbing nÄr borna er smÄ, og med sÄ stor fleksibilitet at familien sjÞlv kan fÄ bestemme kva som passar for dei?

Familiepolitikk er ei av dei viktige sakene for KrF. Heile tida har det viktige mĂ„let vore Ă„ gje borna ein best mogeleg barndom, fordi vi verkeleg meiner at ein god barndom varer heile livet. MĂ„let har aldri vore det «fiendebildet» som politiske motstandarar Ăžnskjer Ă„ trekke opp; at mor skal lenkjast til kjĂžkenbenken, helst med eit barn pĂ„ armen 


Skuffelsen over ministeren ligg kanskje mest der, fordi ho sÄ fort trakk opp politisk konflikt om oppfÞlginga. For det ligg svÊrt mykje i desse forslaga frÄ rapporten som gÄr an Ä bli samde om.

F.eks. er rullerande barnehageopptak noko KrF lenge har kjempa for. KrF har ogsÄ vore oppteken av Ä hjelpe foreldre ut av «hamsterhjulet», slik ogsÄ statsrÄdet seier ho er. Vi har vist det gjennom kampen for kontantstÞtta, gjennom at KrF var grunnen til at barnetrygda auka for fÞrste gong pÄ 20 Är (og som regjeringa, takka vere SV, har halde fram med), gjennom auka foreldrepengar med meir, for ikkje Ä snakke om betre barselomsorg. I tillegg har KrF, etter framlegg frÄ Vestland KrF, programfesta redusert arbeidstid med lÞnskompensasjon fram til barnet fyller tre Är. Dette framlegget ligg snublande nÊr eit av forslaga frÄ FÞdselsutvalet.

DÄ stÄr ein kanskje att med ei, kanskje ideologisk, innvending: Skal familien sjÞlv eller staten bestemme kva som er beste lÞysinga i den enkelte familie?

Som KrF-ar meiner eg familien er nÊrast til Ä velje, men lÞysingane mÄ ogsÄ ta vare pÄ samfunnet sine interesser og ikkje spenne bein under oppnÄdd likestilling. Eg trur dette mÄ vere mogeleg Ä finne gode lÞysingar pÄ, og kanskje mÄ begge «partar» gje litt for Ä nÄ mÄlet. MÄlet om sÄ trygg ramme rundt ein god barndom at dei foreldra som Þnskje der fÄr fleire born.

Er det lov Ä hÄpe pÄ godt samarbeid pÄ Stortinget om felles mÄl?

đŸ·ïž Extracted Entities (5)

Vestland KrF (organization) FĂždselsutvalet (entity) Familieministeren (entity) SV (entity) Stortinget (entity)