Har frigjeve namnet på den omkomne i luftsportsulykka
Plus
Det var Joachim Havnegjerde Huse (29) frå Ålesund som miste livet i ei speedgliding-ulykke i Loen i helga.
Ulykka vart meldt litt etter klokka 10.29 på søndag, og skjedde under fjellet Hoven i Loen der gondolen går i skytteltrafikk. Eit redningshelikopter fekk lokalisert og løfta personen ut av fjellet. Mannen blei bekrefta omkomen på staden.
Måndag har politiet frigjeve namnet til den omkomne. Det var den 29 år gamle Joachim Havnegjerde Huse frå Ålesund som omkom i ulykka.
Ulykka blir etterforska ved Stryn politistasjon.
Speedgliding inneber å fly nedover eit fjell eller ei bratt skråning ved hjelp av ei lita, høghastigheits paraglidar-vengje. Ein nyttar ei mykje mindre vengje enn ved tradisjonell paragliding, noko som gjev høgare fart og ein brattare glidevinkel. Ein har òg ofte ski på beina for å kunne starte frå snødekte fjellsider og lande på ski.