Herold

Om lakseoppdrett,berekraft og ansvar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Audun Offerdal, Fyllingsdalen Published: 2026-03-02 10:25:27
Om lakseoppdrett,berekraft  og ansvar

Det er ikkje langt mellom innlegg i avisene som kritiserer lakseoppdrettsnæringa fordi den forureinsar natur og truar livsgrunnlaget for alt levande. Det er heller ikkje langt mellom forskningsrapportar og utgreiingar som viser kor store problem næringa står overfor. Men dei styrande og ansvarlege har etter alt å døme lagt lite vekt på avisinnlegg eller på eigne rapportar. Raportane til Havforskingsinstituttet viser t.d. kvart år at næringa særleg har problem med lakselus, fiskedød og genforandringar hos villfisken.

Lakselusa fører til at smolten døyr før den kjem ut i havet, dermed blir det mindre villaks. Vitenskapelig råd for lakseforvaltning skriv at

"Laksebestandene i Vest-Norge og Midt-Norge er mest redusert, og påvirkningen fra oppdrett bidrar vesentlig til lavt innsig og at nesten halvparten av elvene ikke lenger har noe overskudd å fiske på." (RAPPORT FRA VITENSKAPELIG RÅD FOR LAKSEFORVALTNING NR. 21, 2025, s.5)

I tillegg er det eit problem ved at laksestammene får forandra gener og blir meir like oppdrettslaksen.

Dette erverknader for villaksen. Men lakseoppdrettsnæringa har også verknader for miljøet i det store og heile ved at havet blir forureinsa av matavfall, skit frå oppdrettsfisken og gift som kopar og tralopyril. Det blir rekna med at laksenæringa slepper ut ca 500000 til 600000 tonn biomasse. Fordi mesteparten av avføring frå menneska går i renseanlegg er den tilsvarande mengd berre 40000 tonntil 50000 tonn frå avføring og anna organisk stoff. Kanskje næringa også skulle skulle samle inn driten. Næringsstoffa som nåblir sleppte ut i havet fører mellom anna til oppblomstring av lurv som hemmar vekstvilkåra for tang og tare (sjå Forskersonen.no.28.05.2022) Det reduserer levevilkåra for kysttorsken. Tareskogen er dessutan ei viktig kjelde til oksygen i atmosfæren og dermed også for livsvilkåra til menneska. Gift som kopar og tralopyril som blir bukt til å rense merdane renn i stor monn i sjøen og forurensar fisk og sjødyr.

Lakseoppdrettarane meiner naturleg nok at forureininga er til å leve med. Det er ikkje urimeleg, for næringa gjev store inntekter både til eigarane og til stat og kommune. Ho skaffar arbeidsplassar til folk og sikrar dermed at lokalsamfunna kan eksistere og fungere betre. Økonomisk er laksenæringa ein suksess. Dei ansvarlege styresmaktene synest å meine det same og gjev løyve til nye utvidingar av ikkje-berekraftig oppdrett. Problema med forureining av natur og miljø blir tona ned. Rett nok blir det laga reglar og forskrfter, og nokre havområder blir freda. men reguleringane synest ikkje å avhjelpe det som forskningsrapportane finn er det største problemet: lakselus og dyrevelferd i tillegg til genforandring.

I rapportetter raport blir det skrive at næringa har problem. I sin Risikorapport i 2026 om norsk fiskerioppdrett skriv t.d. Havforskningsistituttet at

"...næringen står fortsatt overfor store utfordringer. Dårlig dyrevelferd i oppdrettsanlegg og negative effekter av lakselus på villfisk er fremdeles de største hindringene for å oppnå bærekraft".

Sagt med klare ord: Næringa er ikkje bærekraftig. Og i den situasjonen har dei styrande valt å legge vekt på ei side av berekraft, nemleg økonomi. Kanskje har dei også hatt eit auga til sosial berekraft. Berekraft som har med miljøet å gjere har derimot blitt sett bort ifrå når det skal prioriterast mellom dei gode måla.

Det er ikkje urimeleg å meine at det har vore uansvarleg politisk styring av norsk lakseoppdrett. Politikk har med framtida å gjere. Med utgangspunkt i dagens samfunn er detsamfunnet i framtida politikarane på riksnivå, fylkesnivå og kommunenivå skal ha for auge. Og då er natur og miljø ei nødvendig ramme for alt som lever. Berekraft er eit omgrep det er lett å slå om seg med, men å tilfredsstille dagens behov utan å øydelegge for at framtidige generasjonar kan oppfylle sine behov, krev at dei styrande og næringsdrivande tek eit sjølvstendig ansvar når dei fattar vedtak og legg planar. Bruk av ord som "bærekraft" forpliktar.

Styresmaktene synest nå endeleg å ha akseptert problema i næringa iMeld.St.1 t.d 6 (2014-2015) Fremtidens havbruk . Bærekraftig vekst og mat til verden.Men det spørst om problema blir løyste før fjordane frå Østfold til Finnark blir like forurensa som Oslofjorden. Det gjekk 10 år før berekraft blei noko meir enn økonmi. IMeld.St (24 (2024-2025) Fremtidens havbruk blei det signalisert ein ny og meir forpliktande kurs for krava til laksenæringa. Der blir det skrive at

«Regjeringens overordnede mål i nærings- og fiskeripolitikken er størst mulig samlet verdiskaping i norsk økonomi, noe som innebærer at all næringsvirksomhet må være sosial, miljømessig og økonomisk bærekraftig, og ikke gå utover jordens tåleevne»

Men dersomvi ser tilbake på korleis styresmaktene på alle styringsnivå trass i formuleringar om berekraft, har gjennomført ein fiskeripolitikk som ikkje i tilstrekkeleg grad har hindra forurensing frå oppdrettnæringa, er det grunn til å vere skeptisk til gjennomføringa av den nye retninga. Jamvel om måla i større grad understrekar at næringa også skal ta omsyn til miljø, er ikkje miljøomsyna gitt større vekt en økonomiske omsyn. Spenninga mellom krav om eit levedyktig miljø og økonomisk verdiskaping fargar politikken og vil lett kunne føre til at økonomiske omsyn igjen får overtaket. Og frå lokalsamfunn og laksenæringa vil det nokså sikkert kome motstand mot miljøreguleringane. Sjå berre kva som skjer når styresmaktene fredar nye fjordområder på Vestlandet og i Trøndelag: Kommunar og næring protesterar. Dette er same bildet som vi finn i naturvernet elles.

Styresmaktenehar ikkje konkrete mål for eit levedyktig miljø. Det går klart fram i eit brev Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) skreivsom svar på eit spørsmål i Stortinget frå representantenThorheim. Der står det at

«Det er av stor betydning at vi har en felles definisjon av «lavutslipp» når vi vurderer hvilke virkemidler som vil sikre effekt på lusereduksjon og styrke insentivene, og kunne erstatte dagens unntaksregel i trafikklyssystemet. Denne definisjonen eksisterer ikke i dag.» (mi framheving). (regjeringen.no 11.2.2026)

Når både berekraft og auka produksjon skal vere normer for lakseoppdrett, blir sjølvsagt spørsmålet om «lavutslipp», dvs at næringa ikkje skal forurensa miljøet slik at fjordane blir som Østersjøen, nokså vesentleg.

Til nå har politikken på området ikkje fungert. Både laksenæringa og forurensinga har auka medan dei politiske styringsdokumenta har skrive lausleg om «akseptable rammer» og «akseptabel påvirkning»

Dersom miljøomsyna skal få gjennomslag, er det nødvendig med makt bak krava. Men då krevst det ein vaken opinion som støttar opp om politikken. Det er eit viktigtigare politisk arbeid å skape ein sterk opinion som maktgrunnlag for endringane enn å skrive politiske slagord.. Makt må skapast, ikkje berre formulerast.

Det betyr at kvar einskild av dei styrande i kommunane, i fylka og i staten må stillast til ansvar for miljøet. Korkje meir eller mindre.

🏷️ Extracted Entities (15)

Fremtidens havbruk (organization) Finnark (entity) Fiskeri (entity) Forskersonen.no.28.05.2022 (entity) Havforskingsinstituttet (entity) Marianne Sivertsen Næss Ap (person) Midt-Norge (entity) Oslofjorden (entity) Risikorapport (entity) Stortinget (entity) Trøndelag (entity) Vest-Norge (entity) Vestlandet (entity) Østersjøen (entity) Østfold (entity)