Herold

Brann i hytte: Ein fekk i seg røyk

Plus
Kilde: Firda Author: Einar Lundsør Published: 2026-03-02 14:32:04
Brann i hytte: Ein fekk i seg røyk

110 Vest melde kl. 15.24 om røykutvikling frå ei hytte i Årøy i Sogndal.

– Ein person skal ha fått i seg litt røyk, melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Brannvesenet og politiet er på staden.

Det skal ha brent i ein vegg. Brannen er sløkt, men kl. 15.51 melder brannvesenet at det framleis er varme i veggen.

Brannvesenet vil derfor rive delar av veggen for å kjøle ned.

– Ambulanse er på staden og ser til personen som har fått i seg røyk. Brannen er sløkt, melder Hausvik kl. 16.05.

Eit par timar seinare er naudetatane ferdige på staden.

🏷️ Extracted Entities (4)

Steinar Hausvik (person) Vest (entity) Sogndal (place) Årøy (place)