Herold

Ola Jøsendal (65) er død: – Ei utruleg trist nyheit

Plus
Kilde: NH Author: Katherine Ferguson Published: 2026-03-02 14:40:34
Ola Jøsendal (65) er død: – Ei utruleg trist nyheit

Ola Jøsendal frå Alver døydde brått og uventa torsdag i førre veke.

(BA/NH) Ola Jøsendal hadde ein lang karriere bak seg som leiar i helsevesenet.

Sidan januar 2024 var han tilsett som viseadministrerande direktør i Helse Nord. Dit kom han frå stillinga som fagdirektør i Helse Vest.

Jøsendal var utdanna samfunnsmedisinar og var spesialist innan rus- og avhengighetsmedisin, og mykje av yrkeskarrieren sin jobba han innan rusmedisin.

Han var i fleire år avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. Før det var han klinikksjef ved Stiftelsen Bergensklinikkene.

– Treffer oss tungt

– Ola sin plutselege og uventa død treffer oss tungt og gjer vondt. Han var ein dyktig, engasjert og høgt skatta leiar og kollega. Ola bidrog i arbeidet vårt med sterk kunnskap, eit ukueleg engasjement for pasientane og helsetenesta, og med varme og omtanke overfor kollegaer. Vi lir eit stort tap og er i sorg. Våre tankar går til Ola sin familie og mange venner, skriv administrerande direktør i Helse Nord Marit Lind i ein uttale.

Helse Nord skriv i eit minneord på si nettside at då han blei funnen, fanst det ikkje teikn på anna enn ein naturleg død.

I tillegg til å ha vore kommuneoverlege i Bergen, var han også legevaktsjef i dåverande Lindås kommune og stabslege i Sjøforsvaret.

Til støtte i ei årrekke

Jøsendal brukte også kreftene sine i idrettslivet i Nordhordland. Mellom anna var han engasjert i ulike roller hos NBK i ei årrekke.

– Det er ei utruleg trist nyheit, seier dagleg leiar for klubben, Øystein Johansen, om Jøsendal sin bortgang.

Johansen fortel at Jøsendal ikkje berre var viktig som trenar i ulike aldersklasser, men han engasjerte seg og med kunnskapen sin som lege.

– Seinast i haust og i vinter hjelpte han spelarar som hadde behov for det.

For få år sidan var Jøsendal trenar i Radøy. Då trente han A-laget til klubben opp til 4. divisjon.

Han jobba også som lege for Brann, og var med i teamet då Brann vann seriegull i 2007.

Ola Jøsendal etterlet seg kone og seks barn.

🏷️ Extracted Entities (16)

Ola Jøsendal (person) Brann (entity) Helse Bergen (person) Helse Nord Marit Lind (person) Alver (entity) Avdeling (entity) BA (entity) Helse Vest (person) Lindås (place) NBK (entity) Nord (entity) Nordhordland (place) Radøy (place) Sjøforsvaret (entity) Stiftelsen Bergensklinikkene (organization) Øystein Johansen (person)