Herold

Robert blei augevitne til raset: – Det var heilt spesielt

Kilde: NRK Author: Eli Bjelland Published: 2026-03-02 06:47:51 Last updated: 2026-03-02 15:26:32
Robert blei augevitne til raset: – Det var heilt spesielt

Store kampesteinar ligg strødde på ein av hovudvegane mellom vest og aust etter eit stort ras søndag. E134 kan bli stengd lenge.

E134 Haukelivegen er framleis stengd ved Fjæra i Etne kommune etter eit stort steinskred som gjekk søndag føremiddag.

Robert Melkeraaen var på fjorden for å trekkja garn med ein nabo då dei høyrte lydane av ras.

Men lydane dei høyrer er annleis enn vanleg. Det er ikkje isklumpar som ramlar ned, men store steinar.

– Plutseleg såg me heile flaket i bakkant losna. Og då såg me at dette her er stort.

Han fekk i gang kamera på mobilen og filma medan han håpte at ingen skulle koma susande i 80 kilometer i timen ut av tunnelen og rett inn i raset.

Robert Melkeraaen filma skredet då han var ute i båt.

Han fortel at han aldri kjem til å gløyma synet av at fjellsida losnar.

– Det var ei surrealistisk kjensle. Nesten som eg trur det var KI-generert.

Då dei kom seg til land fekk dei raskt avklart at ingen menneske var fysisk skadde. To bilar blei smadra og tolv personar blei evakuerte.

– Det var store steinar og enorme steinblokker som var komne ned. Det var heilt spesielt.

Helikopterbilete frå Statens vegvesen viser omfanget av skredet.

– Eit opent sår i fjellet

Vegen kan bli stengd lenge.

– Det me veit, er at det vil bli langvarig, dessverre. Det er ein god del skadar på vegbana, og ein må finna ut at det er trygt der. Så det vil dessverre ta tid, seier trafikkoperatør Arne Viken i Vegtrafikksentralen.

Måndag føremiddag er geolog Emil Solbakken på plass for å vurdere terrenget.

Mannskap er på plass for å vurdere lausmassane i fjellet.

Han skildrar eit opent sår i fjellet med sprokken bergmasse. Han estimerer at det er fleire tusen kubikk med steinmasse som har losna frå fjellet.

– Det er veldig mykje som har losna. Det handlar no om å finne ut kor mykje som er laust, og kva vi eventuelt må ta ned før vi kan rydde opp langs vegen.

Geologen skal inspirere området ved hjelp av helikopter, men veit ikkje kor lang tid det vil ta før ein kan opne vegen igjen.

Ved hjelp av helikopter og tau skal geolog Solbakken kome seg til området der steinmassane losna.

– Vi jobbar så fort vi kan. Når vi har avklart situasjonen der og nedover i skredløpet, kan vi etter kvart begynne å tenke på opprydding og gjenoppbygging av vegen.

Det blir ikkje tatt ei ny vurdering om vegen kan opnast før onsdag klokka 9.

Nytt skred sperra omkøyringsveg

Søndag kveld gjekk det eit nytt skred, som ramma Rv13 i Suldal. Dette er omkøyringsvegen sørover etter skredet i Etne. Vegen var stengd, men opna igjen måndag føremiddag.

Det har gått eit steinskred ved Lovraeidet i Suldal kommune. Riksveg 13 er stengd, men måndag morgon er vegen delvis rydda.

Monica Fjæra var ein av dei som var tettast på dramatikken då skredet gjekk i Fjæra. Ho og familien åt frukost då det brått byrja å braka og buldra.

– Huset rista så veldig at me sprang ut på sokkelesten. Då me var nede på kaien og snudde oss, såg me svære steinar som kom som ballar etter oss, fortalde Fjæra til NRK søndag.

Monica Fjæra og familien evakuerte huset etter steinskredet. Slik såg bilen til leigetakaren deira ut.

– Veldig, veldig dramatisk

Ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), er letta og takksam for at ingen blei skadde.

– Det kunne godt ha skjedd med dei svære kampesteinane som kom ned. Me bur på Vestlandet, men det gjer inntrykk på oss når slike ting skjer. Det var veldig, veldig dramatisk.

12 personar, både fastbuande og folk som var i fritidsbustader, blei evakuerte. Det er ingen som får flytta tilbake enno. Kommunen sette kriseleiing like etter skredet.

– Det er mykje «stygt fjell» i dette området, og det er ikkje uvanleg at det ligg litt steinar i vegen av og til. Det er jo ikkje eit godt teikn, seier Ekrheim.

Ho fortel at det rundt år 2000 blei sett i gang eit stort rassikringsprosjekt i Åkrafjorden, som enno ikkje er fullført.

– Ein gong for ein del år sidan gjekk det 13 ras i Åkrafjorden. Så det var ein livsfarleg veg å køyra på. Det er blitt mykje betre, men av og til går det dessverre skred.

Også Robert Melkeraaen er kjend med at det rasar i området.

Robert Melkeraaen i samtale med ein geolog på staden dagen etter raset.

– Men ikkje sånn som dette. Når du bur på ein slik plass så veit du at det kan koma ras, men når det skjer veit du ikkje. Det kan koma i morgon eller det kan koma om 100 år.

🏷️ Extracted Entities (17)

Fjæra (entity) Robert Melkeraaen (person) Etne (entity) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Trafikksaker fra NRK 📁 (category) Trafikksikkerhet 📁 (category) Emil Solbakken (person) Suldal (place) Åkrafjorden (entity) Arne Viken (person) Haukelivegen (entity) Lovraeidet (entity) Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim Sp (organization) Rv13 (entity) Statens (entity) Vegtrafikksentralen (entity) Vestlandet (entity)

📊 Metadata

Category: Trafikksaker fra NRK, Trafikksikkerhet, Nyheiter frå Vestland
OpenGraph Title: E134 kan bli stengd lenge etter stort steinskred i Etne
Twitter Title: E134 kan bli stengd lenge etter stort steinskred i Etne