Følger eigen draum: – Gler meg
Plus
Han bryt opp etter nær åtte år som kommunedirektør. Nå har han planar om å springa til den nye jobben sin i Haugesund sentrum.
– Skal det vera nytrekt kaffi i ein «Arsenal-kopp»?, gliser nordfjordingen, vel vitande om at han har fått ein United-mann på besøk i sitt nye husvære i 13. etasje på Park Pluss i Haugesund.
På stovebordet ligg boka «Skadefri løping». Yngve Folven Bergesen er seriøs joggar med fem økter i veka. Og med planar om å springa dei fire kilometerane til den nye jobben sin i Haugesund sentrum.
Frå leilegheita ser den avtroppande kommunedirektøren i Vindafjord heilt til Sletta i nord, mesteparten av Karmsundet sørover mot Hydro, pluss heile Nord-Karmøy og Norheim.
Kommunedirektør er ein av landets mest utsette stillingar. I gjennomsnitt står leiarar i denne rolla i 4,5 år. Dei får enten sparken, blir sett på eit loft som «seniorrådgjevar» eller sluttar frivillig. Eller, i beste fall, søker dei og får stillinga som kommunedirektør i ein større kommune.
Eit «feitare kall», men med endå større fallhøgde. For her er det endå fleire folkevalde som jaktar kommunedirektøren om hen gjer ein tabbe – eller om det kan gagna dei politisk.
– Unntaket er Jan Erik Nygaard i Bokn. Han hadde faktisk vore rådmann/ kommunedirektør i Bokn kommune så lenge eg hadde levd då eg begynte i stillinga i Vindafjord, ler Yngve Folven Bergesen. Nygaard sat i stillinga i 38 år – norsk rekord!
– Me kjem til å hugse hans tid lenge
Den draumen han bar på
Yngve Folven Bergesen (45) gjer i grunnen ingen av delane. Når han bryt opp etter nær åtte år som kommunedirektør i Vindafjord – er det for å fullføra draumen han hadde som 11-åring heime i Olden i Nordfjord.
Han vaks opp med «Lov og Rett i LA» på tv.
– Eg skal bli advokat når eg blir stor! sa han til kameratane sine allereie den gongen.
- mars startar han som advokatfullmektig i Elden advokatfirma, Haugesundskontoret.
Firmaet tel om lag 110 advokatar rundt om i landet. Her lokalt har Elden ti advokatar og fullmektigar (som må ha to års praksis før dei kan få advokatbevilling), pluss to kontormedarbeidarar.
Yngve Folven Bergesen (mellomnamnet er gardsnamnet der bestefar hans stammar frå i Stryn), har dei siste 15 åra jobba som leiar – i to avdelingar i Sjøfartsdirektoratet og så i Vindafjord kommune.
– Søkte du på den nye jobben?
– Eg fekk ein telefon om eg var interessert … Dei meinte at min kompetanse frå kommune og sjøfart var interessant. Juridisk metode sit i ryggrada og Elden femner om meir enn strafferett – både offentlege og privatrettslege saker. Firmaet satsar inn mot næringslivet. Eg gler meg til å ta del i dette juridiske fellesskapet.
Videokarusell
Oppvekst i Olden
I turistbygda Olden, vakker og med Briksdalsbreen, vaks Yngve opp med far, sjøkaptein, mor, regnskapsmedarbeidar og ei storesøster.
– Det var gode år med fotball, friidrett, korps og massevis av turistar og cruiseskip kvar sommar, minnest han.
Althornet sleppte han ikkje før han var 25 år og forlèt Bergen og Bergen Brassband for å begynna som jurist i det nyinnflytta Sjøfartsdirektoratet i Haugesund. Søstera tok musikken lengre. Ho har hovudfag i musikk. Og faren, den gamle sjøkapteinen på 81 år, spelar framleis i Olden Hornmusikk.
Yrkesvalet staka han ut som 11-åring. Og via Stryn vidaregåande og etter militæret, starta Yngve Folven Bergesen jusstudium i Bergen. Her trefte han også ho som blei hans kone og mor til deira to barn som nå er tenåra. Ekteskapet er over, men dei bur nær kvarandre og samarbeider godt.
– Var det advokat eller kommunedirektør du tenkte å bli i studietida?
– Nei, det var eigentleg jussen som fag som fasinerte i studietida. Eg var aktiv i Jusformidlingen i Bergen. Der ytte eg rettshjelp. 60 saker i året. Til folk som ikkje hadde råd til advokat. Eg førte saker for trygderetten, forliksråd og hjelpte mellom anna til med å setja opp testamente.
Sjøfart på land
Før dess hadde unge Folven Bergesen kjent dragning mot sjølivet. Faren var jo sjømann. Men faren var kontant i rådet han gav sonen:
– Aldri bli sjømann. Du blir altfor mykje vekke! Faren, frå Askøy, hadde eit yrkesliv i Nordsjøfart med fire veker på og fire veker av.
Så fekk den ferske juristen jobb som juridisk rådgjevar i avdelinga for fiskefartøy i det nye Sjøfartsdirektoratet, som var flytta til Haugesund.
Først vekependla han frå Bergen medan ektefellen gjorde seg ferdig med si utdanning. Så kjøpte dei hus på Spannhelgeland i 2008.
– Der trivdest eg godt. Nabolaget var inne i eit generasjonsskifte. Fleire unge folk slo seg ned.
Saman med to naboar sette Folven Bergesen-familien i gang eit lite beiteprosjekt med fem vaksne Kasjmirgeiter og etter kvart to kje. Dei beita med gps-klavar og heldt vegetasjonen nede både i hagane, på ein gard – og dei leigde dei ut til Karmøy kommune for å halda vegetasjonen nede på Moksheimsstien.
– Me gav oss og selde geitene etter tre år. Det var mykje arbeid og pengar ut, for å seia det slik …
Gode år i direktoratet
Frå 2006 til 2018 jobba Yngve Folven Bergesen i Sjøfartsdirektoratet. Han blei underdirektør i fiskefartøyavdelinga og seinare leiar i avdelinga for sjøfolk.
– Eg trivdest veldig godt i Sjøfartsdirektoratet. Her var ei fin blanding av unge folk og eldre tilsette. Me lærte av kvarandre og me hadde eit kjekt, sosialt miljø.
I Sjøfartsdirektoratet hadde dei også mykje internasjonal kontakt. Via Norad blei han engasjert i fiskeriforvaltning på Mauritius. For å hjelpa dei å få på plass regelverk for fiskefartøy.
I Cape Town var direktoratet i Haugesund aktivt med på ein konferanse som skulle utarbeida eit felles, internasjonalt regelverk for fiskebåtar over 24 meter. Dei lukkast med å få semje og regelendringar – og nå nærmar det seg så mange land som har slutta seg til avtalen at den kan bli ein internasjonal konvensjon.
I politikken
Før Yngve Folven Bergesen skifta side og blei kommunedirektør, var han i ein periode med i karmøypolitikken. For Venstre.
Han blei 1. vararepresentant til kommunestyret og nestleiar i undervisningsutvalet.
– Det var lærerikt. Eg lærte mellom anna kor mykje meir du fekk til dersom ditt parti høyrde til «posisjonen», ikkje opposisjonen. Me var i «posisjonen» som støtta ordførar Jarle Nilsen (Ap). Venstre jobba hardt for at Karmøy skulle gjennomføra «Fritidskortet» – og det fekk dei til.
På andre sida
I 2018 fekk Yngve Folven Bergesen ein telefon frå rekrutteringsfirmaet som skulle skaffa Vindafjord kommune ny kommunedirektør. Han takka ja og gjekk ut or karmøypolitikken.
– Første sommaren køyrde ordførar Ole Johan Vierdal meg rundt i heile den store Vindafjord kommune (nesten like stor i areal som Karmøy og Tysvær til saman). Eg var imponert. Det verka ikkje berre som om han kjente alle, men han visste kor dei budde, og!
Og kvar adventstid gjer vindafjordordføraren og kommunedirektøren noko som Folven Bergesen trur har vore verdifullt: Dei reiser rundt og ønskjer alle tilsette, på alle einingar, god jul.
– Då opplever eg at tilsette på alle nivå kjem med innspel som har vore særs nyttige for oss som leiar kommunen. Desse reisedagane i eigen kommune har eg opplevd som ein god investering.
Les ikkje kommentarfelt
Sjølv er Yngve Folven Bergesen glad for at han sluttar frivillig. Og med minne om eit godt sosialt miljø i administrasjonen, og særskilt i den næraste leiargruppa si, og eit forhold til politikarane han opplever er prega av gjensidig respekt. Også når dei ikkje er einige.
– Men eg unngår å lesa kommentarfelt i aviser og på Facebook. Eg blir rett og slett i dårleg humør av det. Veldig ofte kjenner ikkje dei mest skråsikre personane i kommentarfelta til heile bildet. Og så dundrar dei laus med harde karakteristikkar.
– Men er det ikkje bra at folk er opptekne av det som skjer i lokalmiljøet?
– Jo, men då er det fint at dei aktivt søker informasjon. Mange saker er innvikla. Det er ei utfordring å informera forståeleg. Ta for eksempel «Bypakken» som nå kjem overraskande på mange. Kor mange som skriv innlegg imot har med seg i bakhovudet at alternativet – at du tar vekk bomstasjonane – samstundes er å seia ja til ikkje å gjera dei mange utbetringane av vegar og nye gang- og sykkelvegar?
Regjeringa slår fast i perspektivmeldinga si frå 2024 at om få år vil dei enorme pensjonsbetalingane krevja meir enn inntektene frå heile Statens oljefond. «Krukka» er ikkje så utømmeleg som enkelte trur.
Vindkraft?
– Eit heitt tema i Vindafjord er vindkraft. Kva meiner du?
– Det er eigentleg likegyldig kva eg meiner personleg om vindkraft. Som kommunedirektør har eg ei rolle i å utføra det politikarane avgjer.
– Men kva tenker du personleg?
– Personleg klarer eg ikkje å mobilisera den store motstanden. Eg ser på to vindturbinar på Storøy frå stoveglaset her i 13. etasje. Eg synest ikkje dei er stygge. Og me treng straum.
– Kva med havvind?
– Her tenker eg litt det same: Dersom styresmaktene har bestemt at Norge skal satsa på havvind, må installasjonane byggjast og samankoplast ein stad. Dommersnes i Vikebygd er faktisk einaste staden i Norge som har produsert store fundament for vindturbinar.
Kommunekartet
– På mange område er Vindafjord kommune for liten til å tilby dei tenestene som innbyggjarane har rett på. Me slit med å få tak i nok fagfolk innan både helse/omsorg og i oppvekstsektoren. Sjølv om Vindafjord er ein mellomstor norsk kommune (vel 9.000 innbyggjarar), er me heilt avhengige av å samarbeida med andre.
– Medianstorleiken på ein norsk kommune er litt over 3.000 innbyggjarar. Haugalandet er eit spekter av små og større kommunar. Då er det viktig at me samarbeider godt når grensene er som dei er. Og eg opplever at både politisk og administrativt samarbeid funkar godt. Men det er klart; hadde me teikna kommunegrensene på Haugalandet i dag, hadde dei ikkje sett ut slik dei ser ut nå.
Under pandemien hadde kommunedirektørane på Haugalandet eit teamsmøte i veka. Det har dei halde fram med, også etter pandemien.
Ein gong i veka, men berre ein halv time, snakkar alle kommunedirektørane på Haugalandet saman på Teams.
– Det er eit reflekterande møte med kollegaer der kommunestorleiken ikkje betyr noko. Verdifullt, seier Folven Bergesen.
Sterkt og svakt i Vindafjord
Me spør den avtroppande kommunedirektøren om kva han tenker om Vindafjord.
– Eg har oppdaga ein sterk bygdeidentitet. Det er bra for bygda di, men kan bli eit problem om ein mister det heilskaplege blikket på kommunen. Kor skal ting lokaliserast? Kva er best for heile kommunen?
– Næringslivet er fantastisk sterkt. Gründerånd og frivillig innsats – samarbeid næringsliv og kommune. Alt dette løftar kommunen. Me får ting til, som for eksempel nye Vindafjordhallen. Der står kommunen for svømmehallen, bygdelaget for bygdahusdelen, ein næringsaktør kjøper sklia i svømmehallen medan eit anna lokalt firma gir nytt lydanlegg til bygdehuset. Og administrasjonen, byggjeleiinga i kommunen, leverer svømmeanlegget og bygdehuset på budsjett!
– Eg kunne nemnt utviklinga av Ølen Næringspark på Nerheim. Det kunne ikkje kommune klart åleine. Så blei det løyst i samarbeid med det lokale næringslivet. Noko utbygging på Dommersnes vil heller ikkje vera mogeleg utan samarbeid 50:50 mellom kommunen og Westcon Yards.
Likar å løpa langt
Yngve Folven Bergesen tok opp att jogginga då han kom til Sjøfartsdirektoratet. Olden er mest kjent for gode idrettsfolk i kastøvingane. Folven Bergesen er for lett til kast. Lange løp, derimot – det likar han. Dess lengre, desto betre.
I september 2024 sprang han Berlin Maraton på 3 timar og 33 minutt (42,195 km).
På vinterstid, i januar, har han og sprunge den såkalla Trippelen ved Solastrand Maraton – først 5 km, så 10 km og så halvmaraton – til saman 36,1 km.
På eit bilde ser eg Yngve Folven Bergesen smile – rundkledd i vinterkulda, men på veg mot mål på siste distansen.
Fotballinteressa lever også. Arsenal og så både Brann og FKH. Går på nokre FKH-kampar, men er vel eigentleg Brannpatriot inst i sjela.
– Vindafjordpolitikarane seier du har god oversikt og hugsar eksepsjonelt godt?
– Det får eg vel takke for. Det er forresten ikkje alltid politikarane hugsar spesielt godt. Då er det mi oppgåve, som kommunedirektør, å minna dei på kva dei vedtok for nokre månader eller for eit år sidan.
I sin nye leilegheit i 13. høgda mot Karmsundet står ein stor kikkert. Den sto tidlegare i foreldra si hytte ved Fensfjorden.
Kombinert med appen «Marine Traffic» følgjer Yngve interessert med i alt som flyt gjennom Karmsundet.
Dragninga til sjøen er der framleis.
Elden: – Det var i Haugesund jeg startet. Nå skal vi vokse her