Joachim (29) omkom i speedgliderulukka i Loen
Joachim Havnegjerde Huse frÄ à lesund som omkom i dÞdsulukka ved Hoven i Loen i Stryn sÞndag. Politiet trur at 29-Äringen fekk problem rett etter utspringet.
Politiet gÄr no ut med namnet pÄ den omkomne etter ulukka sÞndag fÞremiddag.
Joachim Havnegjerde Huse (29) vart funnen i fjellsida under Hoven, pÄ kring 600 meters hÞgd. Han vart kort tid seinare henta ut frÄ det bratte terrenget, og stadfesta omkomen av lege pÄ staden.
Huse var i Loen saman med to kameratar for Ä flyge ut frÄ Hoven. Dei har vore i Loen ogsÄ tidlegare.
SĂžndag vart det fĂžrste turen fatalt. Politiet trur mannen fekk problem tidleg i svevet.
â Han var den tredje som skulle ut, og sĂ„ skjedde det noko i samband med utspringet som gjer at han mista kontrollen over skjermen og fall ukontrollert ned fjellsida, seier tenestestadleiar for politiet i Stryn, Vidar Stavik.
Hoven er mykje nytta til luftsport. SĂžndag skjedde den sjette dĂždsulukka sidan 2019.
SÄg skjermen kollapse
Politiet har rutinemessig starta etterforsking for Ä kartlegge Ärsaka til ulukka. Samstundes opplyser Luftsportforbundet det blir jobba med Ä setje saman ein kommisjon for Ä granske hendinga.
Stavik seier dei har fire-fem vitne som anten har sett noko pÄ toppen, eller som har sett fallskjermen kollapse.
â Vi har vitne som sĂ„g skjermen kollapse, og vi hĂ„par at videoovervaking frĂ„ toppstasjonen som kan gi oss eit bilete pĂ„ kva som har skjedd. Samstundes vil vi snakke med fleire vitne, seier Stavik.
Gode forhold
Loen er eit populÊrt reisemÄl for ekstremsportutÞvarar frÄ heile verda. OmrÄdet rundt fjellet Hoven og klatreruta Via Ferrata Loen er mykje brukt til speedgliding og basehopping.
Speedgliding er ei form for paragliding, der ein brukar ein liten og svĂŠrt rask skjerm.
FrÄ Hoven har speedgliderar og paragliderar eit anna utspringspunkt enn basehopparar.
Forholda kan variere og vere til dels krevjande.
â VĂȘrforholda kan vere krevjande, og det er veldig i fokus bĂ„de hos dei som jobbar pĂ„ Skyliften og dei som driv sporten. Tilbakemeldinga vi har fĂ„tt om forholda sĂžndag var at dei var gode, seier Stavik.
Vil ikkje ha forbod
OrdfÞrar Per Atle KjÞllesdal i Stryn ynskjer ikkje forbod mot luftsport frÄ Hoven.
Etter det NRK har kunne avdekke, har det vore seks dÞdsulukke frÄ Hoven sidan 2019. To av desse gjeld basehopping medan ei gjeld paragliding. Ulukka sÞndag er den tredje innan speedgliding.
â Det er mange, og det er krevjande og tragisk nĂ„r dei skjer, men vi opplever at dei som driv med sporten har fokus pĂ„ tryggleik, seier Stavik.
OrdfÞrar Per Atle KjÞllesdal (Sp) i Stryn trur ikkje eit forbod er vegen Ä gÄ.
â Ulukkene er sjĂžlvsagt forferdeleg trasig. Det er veldig kjedeleg, seier han.
â Eg trur eit forbod fĂžrer til at det blir brukt stadar som er farlegare enn her. SĂ„ langt eg kan sjĂ„ har dei gjort det dei kan for at det er sĂ„ sikkert som rĂ„d. Det er tilrettelagt for Ă„ ta av og lande, og dei har god dialog med Luftsportforbundet, legg han til.
Fleire vitneavhĂžyr
Etter ulukka sĂžndag vart det lagt ned eit mellombels forbod mot luftsport ut dagen.
Stavik meiner det ikkje er politiet sin jobb Ä etterlyse eit forbod eller ikkje. Han viser til at det ogsÄ tidlegare har skjedd luftsportsulukker, men dÄ frÄ fleire stadar.
â Fokuset vĂ„rt er Ă„ vere med og bidra til Ă„ fĂžrebygge og minimere risikoen. SĂ„ mĂ„ andre eventuelt ta til orde om det skal gjerast restriksjonar pĂ„ noko mĂ„te, seier Stavik.
Den omkomne skal no obduserast, og politiet skal gjennomfÞre fleire vitneavhÞyr. I tillegg hÄpar dei at video-bilete kan gi fleire svar pÄ kva som skjedde.
â SĂ„ vil vi inngĂ„ eit samarbeid med Luftsportforbundet i hĂžve til verifiseringar og ting som kan dei kan bidra med i hĂžve til utstyr og vurderingar.
Loen i Stryn kommune.