Ny kommunikasjonssjef: – Umogleg å seie nei
Christian Øverli tek over sjefsstillinga i Forsvaret si avdeling for strategisk kommunikasjon, etter Eystein Kvarving.
Måndag tek Christian Øverli over som kommunikasjonssjef for Forsvaret, har Forsvarets forum fått bekrefta.
Han startar i rolla etter eitt og eit halvt år som leiar for Luftforsvarets skolesenter Værnes (LVS).
– Eg har jobba med kommunikasjon tidlegare, sjølv om det er ein del år sidan. Eg hadde for så vidt ikkje sett føre meg å komme tilbake til det no, fortel Øverli.
– Det var ei veldig spennande moglegheit som dukka opp, og som det var umogleg å seie nei til.
Avtroppande kommunikasjonssjef Eystein Kvarving skal over i en prosjektstilling ved Forsvarets høgskole, der han skal jobbe med å utvikle det langsiktige og strategiske militære samarbeidet mellom Ukraina og Norge.
Rettelse: I den opprinnelige versjonen av saken sto det at Kvarving skal inn i en prosjektstilling i Forsvarsstaben. Det riktige er Forsvarets høgskole. Rettelsen ble gjort 2.3.2026 kl. 07.05.
ny jobb?
Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Da vil vi gjerne at du skriv et par linjer om vedkommande og jobben, og dessutan legger ved et bilde i breiddeformat, og sender til
Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om namn»