Herold

Er ikkje gamalosten gamal lenger?

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan Per Styve Published: 2026-03-02 04:00:00
Er ikkje gamalosten gamal lenger?

SKRÅBLIKK: Eg likar ostar som smakar. Aller best blir dei nĂ„r den pĂ„stempla datoen er passert med ei veke eller to – eller tre. God ost skal bĂ„de smake og lukte – og kjennast godt ogsĂ„ ei stund etter at den har gĂ„tt ned i svelget.

Men likevel har eg styrt unna Gamalost – til no. Den lukta vondt, tykte eg – og freista ikkje. Eller kanskje eg ikkje var gamal nok? Bestefar min var veldig glad i gamalost, og ville sĂ„ gjerne at eg skulle fĂ„ oppleve den ogsĂ„. Han prĂžvde mange knep for Ă„ lure meg til Ă„ smake.

Han smurde gamalost pÄ eine sida av eit kaffisukker som han lokka meg med. Kaffisukker hadde status som snop for oss ungar pÄ den tida. Men eg sÄg nok at det var feil farge pÄ baksida, og takka nei.

PĂ„ den tida lukta gamalosten verkeleg gamalt. No er den nesten luktfri. Kanskje det var derfor eg i vinter tok mot til meg og prĂžvde ein bit. Og sjĂžlvsagt oppdaga eg at den smakte godt. Men smaken overraska meg – den var sĂ„ mild at eg mĂ„ leggje ei tjukk snei pĂ„ brĂždskiva.

Noko mĂ„ ha skjedd med bĂ„de lukt og smak – sikkert for Ă„ fĂ„ fleire til Ă„ like den. Er ikkje gamalosten gamal lenger, undrast eg? GĂ„r den sĂ„ raskt unna at meieriet i Vik mĂ„ tĂžmme lageret fĂžr den er skikkeleg moden?

Eg les meg til at produksjon av gamalost kan gjerast ferdig pÄ berre ein mÄnad. Men fÄr den modne i tre mÄnader blir den kraftigare i smaken. SÄ dÄ lyt eg vel til Ä sjÞlv ettermodne den over datoen, slik eg ofte gjer med andre ostar.

FĂžr kjĂžleskapet kom, fekk den sikkert kose seg lenge fĂžr siste biten var spist – og lukta og smakte deretter. SĂ„ kanskje eg ogsĂ„ kjende lukta pĂ„ baksida av kaffisukkeret bestefar bydde meg?

Men det er no litt gale at ein gir opp gamal, tradisjonell smak berre for Ă„ auke salet, tenkjer eg – sjĂžlv om det vel er derfor eg ogsĂ„ no kjĂžper denne osten.

Det same har visst skjedd med bÄde rakfisk og lutefisk. SjÞlv den sterkaste rakfisken verken luktar eller smakar som fÞr. Og lutefisk kan eg no koke nesten utan at det luktar i huset. OgsÄ den smakar mykje mildare enn fÞr.

Kor skal dette ende, undrast eg? Snart smakar kanskje tran som solo og roquefort som kvitost. Kanskje lyt eg dra til Sverige og kjÞpe SurstrÞmming. Den skal visst bÄde lukte og smake noko aldeles forferdeleg. Men det kjem vel snart ein smak- og luktfri versjon av den ogsÄ.

janperstyve@gmail.com

đŸ·ïž Extracted Entities (4)

Gamalost (entity) SurstrĂžmming (entity) Sverige (entity) Vik (place)