Kompetanse før kjønnsbalanse
Plus
Likestilling i Noreg har lenge vore ein viktig kamp for rettferd og like moglegheiter. Men i dag meiner eg utviklinga på fleire område har gått for langt. I staden for likebehandling har vi fått ei utvikling der kjønn igjen avgjer kven som får fordelar.
Eit rettferdig samfunn bør sikre like moglegheiter for alle. Når kjønn i staden blir avgjerande, taper både menn og kvinner
I dag får både gutar og jenter tilleggspoeng for å kome inn på studium eller linjer på vidaregåande skule der deira kjønn er i mindretal.
Det betyr i praksis at kjønn kan telje meir enn karakterar og innsats. Studieplassar og jobbar bør gå til dei som er best kvalifiserte. Når kvotering blir brukt, risikerer vi at betre kvalifiserte søkjarar blir fortrengde. Då konkurrerer vi ikkje lenger på like vilkår.
Frå 1. januar 2025 kom også nye krav om kjønnsbalanse i styra til mange norske selskap. Konsekvensen kan bli at dyktige styremedlemmer må bytast ut på grunn av kjønn, ikkje fordi dei gjer ein dårleg jobb. Det kan til og med føre til at styre med fleirtal av kvinner må erstatte nokon for å få inn menn. Då handlar det ikkje lenger om kompetanse, men om å oppfylle eit politisk krav.
Samstundes er det i dag fleire studium som kvoterer inn kvinner enn menn. Dette kan gjere det vanskelegare for menn å kome inn på enkelte utdanningar, sjølv om dei er kvalifiserte, og syner at kvotering ikkje alltid fører til like moglegheiter for alle.
Likestilling bør handle om like rettar og moglegheiter, ikkje om å gje fordelar til bestemte grupper. Diskriminering skal bekjempast, men løysinga kan ikkje vere ny diskriminering i motsett retning.
Eit rettferdig samfunn byggjer på respekt, fridom og like moglegheiter for alle. Den beste kandidaten bør få plassen – uavhengig av kjønn.