Mann omkom i luftsportulukke i Loen
Plus
Ein mann i 20-åra er død etter ei ulukke i samband med speedgliding i Loen, melder operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt klokka 11.48 søndag.
Dei pårørande er varsla.
Naudetatane rykte ut etter melding om ulukke i 10.30-tida søndag. Mannen vart lokalisert i fjellet og henta ut av redningshelikopter.
Politiet kjenner ikkje til meir om årsaka til ulukka og hendinga blir etterforska.
🏷️ Extracted Entities (3)
Loen
(entity)
Ole Ronny Olsen
(person)
Vest
(entity)