Herold

Inviterer til pårørandeskule

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-02-28 13:00:00
Inviterer til pårørandeskule

– Mange undersøkingar viser at pårørande til personar med demens har eit stort behov for kunnskap, hjelp og støtte til å vera pårørande, seier Evelyn Mehl Willumsen.

Willumsen er leiar i Hukommelsesteamet i Kvinnherad kommune, som står som arrangør av pårørandeskulen som i mars startar opp att.

Skulen er for pårørande til personar med demens, og går over fire onsdagar i lokala til Kvinnherad vekstbedrift i Uskedalen. Første samling er onsdag 4. mars.

«Pårørandeskulen vil gi mykje informasjon, kunnskap om demens og høve til å dela erfaring med andre pårørande. Det blir undervist i blant anna sjukdomslære, kommunikasjon og samhandling samt framtidsfullmakt/vergemål. Føreleserane er alle fagpersonar på sitt område», melder Willumsen i ein omtale av tiltaket.

Arrangementet, som er gratis å delta på, er meint å auka forståinga av demens.

«Auka kunnskap kan føra til at pårørande får ei større forståing for sin næraste som har fått den alvorlege diagnosen demens», seier Willumsen.

Skreiv ut 14 forenkla førelegg – ein førar var éin km/t frå førarkortbeslag

🏷️ Extracted Entities (4)

Evelyn Mehl Willumsen (person) Kvinnherad (entity) Hukommelsesteamet (entity) Uskedalen (entity)