Herold

Kjem til Rosendal: – Blir ei unik, groovy og rørande stund

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-03-01 13:00:00
Kjem til Rosendal: – Blir ei unik, groovy og rørande stund

Marianne Juvik Sæbø skal halda konsert i Kvinnherad kyrkje på den internasjonale kvinnedagen.

Juvik Sæbø er ein norsk songar med utdanning frå Griegakademiet og Royal Academy of Music i London. 8. mars kjem ho til Rosendal for å fylla Kvinnherad kyrkje med song, akkompagnert av pianist Terje Kleppe.

Det melder arrangørane Kvinnherad Sokneråd, Rosendal Bedehus og JesusKvinner Rosendal i ei pressemelding.

«Sæbø, som er kjend for si klare stemme og ei mellommenneskeleg tilnærming til musikken, vil framføra eit variert program som spenner frå klassisk til moderne songar. Mellom anna har ho lova å synga «Gabriellas sång». Duoen serverer også songar frå salmeskatten vår, nokre små snuttar tonesett livsvisdom av Olav H. Hauge, litt gospel og ein allsong. Marianne knyter tankar og opplevingar til songtekstane. Med Kleppe på tangentar blir dette garantert ei unik, groovy og rørande stund», står det i pressemeldinga.

Tone R. Hellesøy i Rosendal Bedehus fortel at ho gler seg til gjensyn med Juvik Sæbø:

«Eg fekk frysningar då eg høyrde Marianne synga «Gabriellas sång» på ein konsert i Fredrikstad for nokre år sidan. Sterkt! Eg gler meg så til å høyra den live igjen.».

Artur er plukka ut til De unges festspillforestilling: – Det blir heilt fantastisk

🏷️ Extracted Entities (11)

Rosendal Bedehus (person) Kvinnherad Sokneråd (person) Marianne Juvik Sæbø (person) Terje Kleppe (person) Fredrikstad (place) Griegakademiet (entity) JesusKvinner Rosendal (organization) London (place) Olav H. Hauge (person) Royal Academy of Music (organization) Tone R. Hellesøy (person)