Herold

Til minne om Tobias Hellås

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Julie H. Askeland, for Idrettslaget Ternen Published: 2026-03-01 19:30:24
Til minne om Tobias Hellås

IL Ternen vil heidra minnet etter eldsjela Tobias Hellås – ein av dei mest sentrale personane i utviklinga av skianlegget i Tveitedalen, og ei uunnverleg kraft i skiidretten i bygdene gjennom fleire tiår. Tobias var ein mann som kombinerte idrettsglede og praktisk dugleik, og som hadde eit brennande engasjement for fellesskapet. Det han bygde, står framleis sterkt – både i anlegget og i menneska han påverka.

Tobias var ein aktiv idrettsmann heilt frå ungdomsåra, særleg som skiløpar. Han møtte skilegenda Alf Berland frå Matre på eit bygderenn i Ølen, og dette møtet vart starten på eit langt og rikt skieventyr. På 1960-talet melde han seg inn i Matre IL, og deltok i ei rekkje store turrenn: Ørnarrennet på Voss, Slettedalen i Sauda, Sigurdsburennet på Hovden, Kvamskogen Rundt, Dyrskarrennet på Korlevoll og Sunnhordalandsmeisterskapen. Tobias var ein som markerte seg med kraft, uthald og god teknikk – ein løpar som jamleg stod for solide resultat.

Då IL Ternen vart skipa i 1976 og melde seg inn i Norges Skiforbund året etter, vart Tobias ein naturleg del av laget. Kring 1979–80 møtte han skiskyttaren Jon Istad frå Voss, som då budde nokre år i Kvinnherad. Samtalen deira om Tveitedalen – der Istad trente på dårlege skogsvegar og anleggsvegar – tente ein gnist hjå Tobias. Dei såg begge at her låg eit potensiale. Og når Tobias såg moglegheiter, handla han.

Drivkrafta hans vart tydeleg. Han samla folk, skapte entusiasme og fekk dugnadsånda til å blomstra. Mange dyktige og arbeidssame arbeidsfolk med praktisk kunnskap vart med, og Tobias sørgde for at heilt sentrale byggjematerialar – som utrangerte ståldippar og jernplater til bruene – vart skaffa til ein rimeleg pris. Han fekk også låna hjullastar og anna utstyr frå Sør- Norge Aluminium, noko som var avgjerande for utviklinga og framdrifta i Tveitedalen.

Lysløypa og Ternebu vart bygde i denne perioden, og Tobias var heilt sentral både i planlegginga og i det praktiske arbeidet. Han var ein av dei som stod i front, dag etter dag, og bidrog til at draumen om eit skikkeleg skianlegg vart til røyndom.

Då skiungdommen kom strøymande, var Tobias der. Han var trenar, tilretteleggjar, smørar, sjåfør, oppmuntrar og trøystar – alt etter kva som trongst. Han og trenarteamet reiste land og strand rundt med ungdommane, og fleire av dei oppnådde sterke resultat. For mange var Tobias ein farsfigur i skiidretten, ein som såg dei, støtta dei og gav dei tru på eigne evner. Han omtala sjølv skimiljøet i Ternen som fantastisk – noko han i høgste grad var med på å skapa.

Utover 1990- og 2000-talet var Tobias alltid å sjå når Ternen arrangerte skirenn i Tveitedalen. Han var ein sentral del av arrangørstaben, og mang ein unge, ungdom og vaksen har blitt sendt trygt ut frå startstreken av Tobias Hellås.

Me kan seia det utan å overdriva: Utan eldsjela Tobias hadde ikkje skianlegget i Tveitedalen blitt bygd. Innsatsen hans har forma idrettslaget, miljøet og moglegheitene for generasjonar.

Difor rører det oss djupt at familien, også etter hans bortgang, har valt å føra arva hans vidare. At minnegåva vart gitt til Ternebu i staden for blomar, er ei handling som speglar Tobias sine verdiar: Fellesskap, dugnadsånd og vilje til å skapa noko som skulle stå støtt for komande generasjonar. Og som Ingrid nyleg sa så fint: «Alt for han var Ternen»!

IL Ternen står difor audmjuke og takksame. For innsatsen hans. For hjarta hans. For alt han gav – og for alt han framleis gjev gjennom minnegåva frå familien.

Me lyser fred over minnet til Tobias Hellås, og me i Idrettslaget Ternen tek arva og minna hans med oss vidare i arbeidet for fellesskapet, skigleda og framtida til Tveitedalen.

Takk!

🏷️ Extracted Entities (22)

Tobias Hellås (person) Tveitedalen (entity) Idrettslaget Ternen (person) IL Ternen (organization) Jon Istad (person) Matre IL (organization) Ternebu (entity) Voss (entity) Alf Berland (person) Dyrskarrennet (entity) Hovden (entity) Ingrid (entity) Korlevoll (entity) Kvamskogen Rundt (person) Kvinnherad (entity) Norges Skiforbund (person) Sauda (entity) Sigurdsburennet (entity) Slettedalen (entity) Sunnhordalandsmeisterskapen (entity) Sør- Norge Aluminium (organization) Ølen (entity)