Oppvaskmøte etter brannkrangel
Da brannvesenet peikte på alvorlege feil i brannprosjekteringa av nye rekkehus tok det fyr.
– Det var rett og slett brannfarleg. Slik prosjektet var så hadde det alvorlege feil i brannkonseptet.
Det seier branninspektør Pål Husom i Lesja og Dovre brannvesen.
Det var i januar at han tok ein gjennomgang av brannprosjekteringa av leilegheitsprosjektet midt i Dombås sentrum.
Det han la merke til ved carporten imponerte han ikkje.
Sende inn rapport om alvorlege feil
Husom fortel at carport i eit rekkehus skal ha eigen branncellekonstruksjon.
Grunnen er at garasje og bustader har ulik risiko for oppstart av brann og ulik brannenergi.
Ei garasje har høgare risiko for brann, og har strengare branntekniske krav.
Slik det låg an da brannvesenet såg på prosjekteringa var det overhengande fare for rask spreiing av brann til bustaddelen om ein brann starta i garasjen.
Husom sende inn ein rapport til kommunen med at det dei hadde oppdaga var klare brot på branntryggleiken.
– Her har underleverandørane bomma, og det er fagfolk som har bomma. Dei la rett og slett feil regelverk til grunn.
Fekk mellombels byggjestopp
Etter rapporten frå brannvesenet leigde kommunen inn eit eksternt firma, Igneus AS, for å sjå på brannkonseptet. Dei slo også fast at det var fleire uklarleikar og feil i brannkonseptet.
Dermed sende kommunen brev til Jora Bygg om å stoppe alt av byggjearbeid som rører ved branntekniske forhold mellombels.
Tysdag var det oppvaskmøte i kommunehuset.
– Der la dei seg flate, og innrømte feil. Det har vore ein glipp. Det er bra at det blir retta opp. Men det er synd at Jora bygg blir skadelidande når andre tek feil. Dette er jo sårt etterlengta leilegheiter på Dombås, seier Husom.
Når misforståingane blir retta opp kan det bli blant dei mest brannsikre bygningane i Dombås sentrum, meiner Husom.
– Dette var uheldig
Det er Jora Bygg AS som er hovudentreprenør av rekkehusa i Vadkroken 2 i Dombås sentrum.
– Dette var uheldig, men no tek vi tak i det. Dei avvika som brannvesenet peika på blir retta opp no, seier dagleg leiar i Jora Bygg AS, Terje Andersen.
Han er glad for at brannvesenet oppdaga avvika før det vart for seint.
Ifølgje ham så er ikkje byggjeprosessen kome lenger enn at det ikkje skaper noko ekstraarbeid.
– Her er det underentreprenørane våre som tolka regelverket feil. Det viktigaste er uansett at no blir det retta opp og ordna.
Han peiker på at dette er særs etterlengta rekkehus for Dovre kommune.
– Dei tre rekkehusa står ferdig på seinsommaren. Da vil dei bli veldig fine.
– Det blir retta opp
Tonen var litt annleis rett etter rapporten frå brannvesenet.
Jora Bygg AS kravde offentleg unnskyldning frå brannvesenet på vegner av underleverandørane sidan dei ikkje fann noko feil etter ein prat med sine underleverandørar.
Denne er trekt tilbake da det viser seg at brannvesenet har rett, opplyser Andersen.
– Underleverandørane har tolka regelverket feil, og vi er berre positive til at brannvesenet ser på brannprosjektering i ei tidleg fase. Det viktigaste er at vi tek tak i det no og det blir retta opp, seier Andersen.
– Dei har lagt seg flat
Nordplan AS fortel at det alltid er to sider av ein sak. Dei fekk ansvaret frå Jora Bygg om å utarbeide brannkonseptet.
Nordplan AS leigde inn Exakt Prosjektering AS for å gjere det.
– Her har vår underentreprenør Exakt Prosjektering AS lagt seg flat. Brannprosjekteringa vart sendt ut frå dei utan at den var kvalitetssikra. Det er sjølvsagt ikkje heldig, men det er slik som kan skje, seier Per Ove Røe, regionleiar i Nordplan aust.
Han var sjølv til stades på møte tysdag.
– Det er lov å ha forskjellig tolking av regelverk, også innanfor brannfaget. Her var det usemje fyrst, men det viste seg at dei andre hadde rett. Det er ikkje noko stor sak for oss, og no går vi vidare, seier Røe.
– God løysing for alle partar
Han opplyser at brannkonseptet for carportane no blir revidert slik at det skal følgje reglar og forskrifter til punkt og prikke.
På møte tysdag så var Dovre kommune representert ved rådmann Halvor Nissen.
– Vi er samde om vegen vidare og dette blir ei god løysing for alle partar. Eg har ikkje noko lyst til å utdjupa det ytterlegare, men eg tenker at det alltid er lurt og møtes når ein er usamd om ting, seier Nissen.
Dette svarer Exakt Prosjektering AS
Mattias Stål er dagleg leiar i Exakt Prosjektering AS.
– Vi ynskjer å presisere at vi ikkje har misforstått vurderingsgrunnlaget. Carportar behandlast etter gjeldande regelverk på linje med garasjar når det gjeld branntekniske krav, seier Stål til GD.
Han fortel at det har lege til grunn for deira vurderingar og leveranse i prosjektet.
– Vi forheld oss til dei same forskriftene og rettleiingane som elles gjeld for byggverk i denne kategorien. Vurderingane våre er gjort i tråd med dette, seier Stål.
No er dei i gang med ta ein grundig gjennomgang av saka og identifiserer eventuelle manglar i brannkonseptet.
– Feil kan dessverre oppstå
Stål opplyser at han har arbeidd som brannteknisk konsulent i 18 år og har vore involvert i meir enn 1000 branntekniske tiltak.
– Tryggleiken til dei som skal opphalde seg i bygga er alltid det viktigaste fokuset. I branntekniske prosjekt kan det finnast forhold som vurderast ulikt.
Han fortel at i dette tilfellet tek dei ansvar for dei feila som er avdekka.
– Feil kan dessverre oppstå, også hjå erfarne aktørar. No jobbar vi med å rette opp dei feila som er avdekka i dette prosjektet.
Målet deira er at prosjektet får eit brannkonsept som tilfredsstiller alle krav og ivaretek tryggleiken fullt ut.
– Resultatet skal bli så godt og trygt som mogleg.